Hopp til innhold

Morgenandakten tirsdag 13. november

Skatten i åkeren

Alf Kjetil Walgermo
Foto: Patrick da Silva Saether / NRK

Himmelriket er likt ein skatt som var gøymd i ein åker, fortel Jesus i ei av likningane sine. Ein mann fann skatten og gøymde han att. Glad som han var, gjekk han bort og selde alt det han eigde, og kjøpte åkeren.

Skattejakt er spennande, berre spør det første barnet du møter. Eg har ikkje tal på kor mange skattekart eg laga oppveksten, sirlege ruter gjennom hagen til foreldra mine, over blomsterbed og bærbuskar, fram til X-en som var skattejaktas pirrande mål.

Ein gong før eg begynte på skulen, grov eg ned ein særs vakker skatt. Det var smykkeskrinet til mor mi. Problemet var at eg ikkje teikna eit godt nok kart, kanskje teikna eg ikkje noko kart i det heile. I alle fall gløymde eg kvar skatten var graven ned. Vi fann ikkje att smykkeskrinet før fleire år seinare, då det var ei gravemaskin i hagen vår. Eg har av og til lurt på kva gravemaskinføraren må ha tenkt.

Når Jesus liknar himmelriket med ein skatt i ein åker, handlar det både om at himmelen er noko dyrebart og at det ikkje alltid er like opplagt kvar og for kven denne skatten dukkar opp. Hovudpoenget i likninga er rett nok korleis mannen handlar i etterkant av funnet – han tek alle lovlege midlar i bruk for å sikre seg skatten.

Lengre enn dette skal eg ikkje følgje den bibelske likninga, for ein kan risikere å vikle seg inn i både juridiske og etiske flokar som Jesus moglegvis ikkje tenkte så mykje då han fortalde denne likninga. At himmelen kan liknast med ein gøymd skatt, skal vi likevel ta med oss vidare.

Ingen av oss har sett himmelen. Likevel er det mange av oss som finn trøyst i tanken på at dei vi har mista her i livet, no er på nettopp ein slik lys og håpefull stad.

Etter at eg og kona mi for to år sidan mista den vesle dottera vår, Tomine, tre dagar før fødselsterminen, rykka spørsmålet om himmelen med eitt så nært. Kan eg tru at det finst ein slik stad? Og korleis ser det ut der?

Dei bibelske forfattarane har ulike skildringar av himmelriket. Felles for desse skildringane er at dei viser til noko av det flottaste og beste forfattarane kan tenke seg. Sjølv trur eg ikkje at himmelen har gater av gull, til dømes. Då ser eg heller for meg korleis den vesle jenta vår leikar med lamungar på flotte, grøne enger, mens den trillande latteren hennar blandar seg med lyse brek.

Vi song «Bæ, bæ, lille lam» i gravferda hennar. Eg trur songen frå kyrkjebenkane nådde langt inn i sjølve himmelen.

Vi mista ein skatt i Tomine. Men vi skal få tru at skatten no finst i himmelen. Og ein gong skal vi møte denne skatten igjen.

Alf Kjetil Walgermo

forfatter og kulturredaktør i Vårt Land

Musikk: Odd Nordstoga – "Det lova land"

Skog