Hopp til innhold

Morgenandakten tirsdag 11. september

Den store forteljinga i heile himlingen

Ragnhild Jepsen
Foto: Lars H. Andersen

Johannes 1,14

I mi barndoms kyrkje er taket måla som ein stjernehimmel. Venninna mi og eg forsøkte å telje stjernene når gudstenestene vart lange og vi håpte at dei snart skulle ta slutt. Men for eigen del må eg nok seie at akkurat som den ekte stjernehimmelen med alle sine galaksar er uendeleg, så kom eg heller aldri i mål med å finne ut kor mange stjerner det var på himlingen over oss.

Då var det meir spennande å utforske dei gamle takmåleria over altaret, i det som vert kalla for Ål-taket. Med sterke farger og djerv strek er den store forteljinga om Gud og menneske spent ut over dei som gjennom sju hundre år har levd sitt liv i den vesle fjellbygda. Eg prøver å tenke meg kva dei har sett og forstått og undra seg, dei som i glede og sorg, i arbeid og i kvile heilt sidan 1300-talet har levd med slike skildringar av bibelske hendingar og symbol – rett over hovudet.

To av figurane dei kunne identifisere seg med, var Adam og Eva, dei fyrste menneska på jorda. I kyrkjetaket er dei biletleggjort som dei som må arbeide med den karrige jorda og med dei usle reiskapane sine, som gjer livet tungt og vanskeleg i ein fjelldal.

Adam plukkar steinar frå dei bratte bakkane han skal prøve å få dyrka opp. Men steinane tek aldri slutt. Jorda blir aldri god. Det er så vidt ho ber det som er naudsynt for å leve. Og Eva sit i ein kubbestol med ein liten handtein. Det er ikkje mykje ho får spunne av den karrige ulla. Nakne er dei. Avkledde. Dømde til slit, svolt og død. Slik menneske levde med sitt slit, bokstavleg talt i det daglege livet, men kanskje også i sine mellommenneskelege forhold. Dei kjende seg att i det som taket fortalde!

Eg vil tru dei aldri vart lei av å leve seg inn i den store forteljinga som ikkje handla om noko som var langt borte – i ei anna verd, i ei anna tid, - men som er her og no, innvevd i deira eigne liv, med dei utfordringane og gledene som menneskelivet handlar om. Gud er nær! Vårt liv er teke på alvor, ja, det er levd. Ikkje noko aspekt av menneskelivet er Gud framand. Jesus har vore der, levd der, gått der – heilt inn i døden,- sin død, vår død.

For heile himlingen som utgjer denne store forteljinga, vert halde saman av skildringa av Jesus på korset – det endelege provet på at Gud vil ha fellesskap med menneska. Gud gav det kjæraste, sin eigen Son, sitt eige liv, for at vi skulle få livet attende. Ingen stjernehimmel kan setje grenser for den kjærleiken!

Ragnhild Jepsen

domprost i Nidaros

Musikk: Onkel Tuca og Henning Kvitnes – "Fred fred fred"

Skog