Hopp til innhold

Morgenandakten tirsdag 11. august

Å sjå og bli sett

Ragnhild Jepsen
Foto: Lars H. Andersen

Forestillingen efterlater følelsen av, at nogen blev set. – Framsyninga etterlet oss med kjensla av at nokon vart sett. Den finaste - og kortaste - teatermeldinga eg nokon gong har sett, er denne frå ei dansk avis.

Av bibelforteljingane om Jesus som møter menneske, er det ei forteljing som særleg handlar om å sjå. Fordi hovudpersonen tilsynelatande så intenst prøver å ikkje bli sett. Det er forteljinga om Sakkeus.

Den vesle mannen som så gjerne vil sjå Jesus, men som sjølv gøymer seg i eit tre; mellom greinene. De hugsar kanskje korleis det gjekk? Jesus kjem forbi og ser Sakkeus; roper han ned og inviterer seg sjølv heim til måltid og fellesskap. Og Sakkeus sitt liv blir frå denne dagen heilt forandra.

Sakkeus ville vere usynleg. Men så er det som om livskrafta som strøymer frå mannen som går forbi er for sterk til at han kan bli verande det; usynleg, altså. Kjærleiken frå Jesus gjer han synleg.

Kanskje er det det største som skjer med Sakkeus denne dagen. Frå å vere usynleg; ein ikkje-person; ein som ingen vil ha med å gjere, blir han tydeleg – for seg sjølv, for Jesus, for sine medmenneske og for oss.

I romanen Ørkenbrevet av forfattaren Gõran Tunstrøm er det ein nydelig liten fabel om å bli sett med kjærleikens blikk: Om ein som treng å bli sett. Som er i ferd med å visne vekk av mangel på kjærleik og at nokon ser han som den han er. Men mest handlar fabelen om han som ser med kjærlige auge. Ein sjåar. Ein som ser det mennesket som er i ferd med å gå til grunne og visne bort. Døy.

Og sjåaren stiller kanskje det vakraste spørsmålet ein kan stille eit anna menneske: "Kva skal eg kalle deg så du veit at du er sett?"

Sakkeus – seier Jesus i bibelforteljinga. Og det usynlege mennesket trer fram for oss. Som eit spegelbilete der dogga er i ferd med å forsvinne, og andletstrekka trer fram litt etter litt. Og til slutt er biletet klart.

Med eit velsignande blikk er Sakkeus sett. Slik at livskrafta vender attende.

Og med den også innsikt i eige liv; medvit om eige verd; vilje til oppgjer og omvending. Og vissa om å høyre til i eit fellesskap.

Jesus ser oss slik vi er. Ikkje slik vi burde bli sett, eller tenker sjølv at vi skulle sjå ut. Med eit velsignande blikk er vi også sett denne dagen.

Så vi frimodig kan klatre ned frå gøymestaden. Så vi kan seie med teatermeldaren, som hadde sett ei teaterframsyning nettopp basert på Göran Tunstrom si bok:

Framsyninga etterlet oss med kjensla av at nokon vart sett!

Ragnhild Jepsen

Musikk: Patty Griffin - "Waiting for my child"

Skog