Hopp til innhold

Morgenandakten tirsdag 10. januar

Når veien er målet

Ragnhild Jepsen
Foto: Lars H. Andersen

I Selma Lagerlöfs novelle Lysflammen høyrer vi om den røffe og nådelause soldaten Raniero som får i oppdrag å bringe heim frå Jerusalem til Firenze ein flamme frå lyset som brenn ved Jesu grav. Det blir ei strabasiøs reise, der Raniero kjem ut for uver, han blir plyndra og til slutt er flammen så liten at den knapt brenn i handflata hans.

Overalt der han kjem blir han håna og kalla for galen, for han må ri baklengs på den stakkarslege hesten for å skåne flammen for vinden. Så når han til slutt fram. Men like før han skal få tenne lysa i domkyrkja i Firenze med flammen frå Jerusalem, kjem ein fugl og sløkkjer elden.

Det kan sjå ut som reisa var forgjeves. Men i glørne frå dei brente fuglevengene greier Raniero igjen å tenne eld. Så er lyset frå Kristusflammen komen fram og får lyse for menneska. Ranieros reise er til ende og han seier: Dette lyset har omskapt meg. Det har gjort meg til eit anna menneske.

Det vondaste vi menneske kan gjere mot kvarandre, er å slokke det lyset i oss som vi alle er berarar av. Det var det den harde og hånande Raniero hadde gjort mot sine medmenneske. Så fekk han oppdraget med å bringe den vesle flammen frå Kristuslyset heim til dei han hadde vore så hard og vond med.

Og eg tenker: Kanskje var ikkje det viktigaste at Raniero skulle greie å verne om flammen så lyset kunne brenne heilt til han var komen heim. Kanskje var det like mykje Raniero som var verna – av Guds kjærleik, i Guds nåde. Då han skjøna det, vart livet hans forandra.

For å verne om ein flamme held vi gjerne handa vår rundt den. Og det er ganske verknadsfullt. For enda om det bles rundt oss, er det som flammen trassar farane og held seg i live.

Slik kan vi også tenke om Guds kjærleik til oss: Som ei stor hand som held rundt oss og vernar om livspusten vår, som gjer at lyset kan skine. I legenda om Raniero fann han flammen ved Jesu grav. Det er ikkje tilfeldig. Det er i Jesu Kristi omsluttande kjærleik vi kan hente lys til våre liv; evig lys. Det er det lyset som aldri sloknar.

Ragnhild Jepsen

Musikk: Maria Solheim – "Jeg er i Herrens hender"

Skog