Hopp til innhold

Morgenandakten onsdag 7. desember

Rydd veg for festen

Geir Gundersen i naturen

God morgon!

Om far Harry, lærar og skulesjef, vart det sagt at han var streng og rettferdig. Det tykte nok vi borna hans og, med strek under streng. Eg vil alltid hugse - no med stor varme - det mørke andletet hans Vesle Julekvelden 1958, eg var ti år.

Ein eller annan som ville markere at Harry Gundersens ungar ikkje var betre enn andre, hadde konfrontert han med at sønene hans, Geir og Tore, var obeserverte under ein epleslang hos eit eldre ektepar.

No var saka klar. Det ville ikkje bli julefest hos familien Gundersen før vi hadde besøkt ekteparet og vedkjent våre synder. Så der stod vi, veslebror Tore rett bak meg, han var eitt år yngre enn meg - og banka på døra til eigaren av eplehagen.

Eg hadde laga ein liten, oppstylta tale som eg heldt så snart vi var innanfor døra: "Det var nokre gutar hos dykk i haust og stal eple - og vi var mellom dei!" Og så? Den varmaste reaksjonen av alle moglege!

Syndarane fekk servert ferske julekaker og gjekk tilgjevne og glade ut i kveldsmørket, klare for fest.

Dette barndomsminne, med sin lett sentimentale glød, stig opp i meg der eg sit og lyttar til den songen du snart skal få høyre: Ole Paus sin versjon av Grundtvigs klassiske julesalme:

Det kimer nå til julefest, det kimer for den høye gjest.

Høyrer du, festen er på veg til deg. Det er det advent betyr, at noko overveldande godt er på veg til deg. Er du klar? Til å sette deg i rørsle og gå festen imøte?

Det kjem ikkje av seg sjølv. Det krev eit oppbrot, ei førebuing. Salmediktaren veit kva det handlar om og Ole Paus syng det heilt heim til deg og meg: Rydd rom i sinnet, i livet. Himmelen gjestar oss - og vi må svare. Rydde hindringane av vegen. Gå ut på marka og stille oss saman med hyrdane og høyre himmelsk nytt.

Så la oss gå med åpne sinn

som hyrdene til barnet inn,

med gledestårer takke Gud

for miskunnhet og nådebud.

Eg tenkjer: å vende seg mot Barnet er å vende seg innover mot sitt eige hjarte. Å kjenne etter kva hjartet seier, kva det er eg lengtar etter skal hende i livet mitt.

I den opninga går Himmelgjesten inn. Og festen kan begynne.

Geir Gundersen

Musikk: Ole Paus – "Det kimer nå til julefest"

Skog