Eg kjenner ein slik frisk kjærleik i orda til Paulus i dagens tekst i Kolossarbrevet kap. 3. Det låg han på hjartet at kolossarane skulle leve det dei trudde. Difor inviterte han kjærleiksfullt til tøffe trusøvingar:
”Er det då oppreiste med Kristus, så søk det som er der oppe, der Kristus sit ved Guds høgre hand. Vend dykkar sinn til det som er der oppe, ikkje til det som er på jorda. For de er døde, og livet dykkar er løynt med Kristus i Gud”.
”Tough love” – kjærleik som går rett på sak for å berge forholdet, det kan eg og trenge. Både i mine kjærleiksfohold til menneske – og i forholdet til Gud. I trua er eg blitt knytta saman med han som gav livet sitt for å berge meg og kvar einaste skapning på jorda. I trua får eg øve meg på å tenkje med han, å vende sinnet mitt rett veg.
Det må øving til. Det kjem ikkje av seg sjølv. Ingenting av det som er avgjerande viktig for eit menneske, kjem av seg sjølv. Det som kjem av seg sjølv, er dei kreftene som vil halde meg fast i dårlege mønster. Det andre, det frie livet som eg får ta imot som gåve frå Frigjeraren, det må eg øve meg i. Og den første øvinga er å tenkje at fridom er mogleg. Det er mogleg å vende sinnet mot fridommen – og det finst hjelp til å løyse opp banda til det som vil halde meg i ufridom. Høyr den konfronterande Paulus halde fram:
”Så lat det jordiske i dykk døy: hor, ureinskap, lidenskap, vond lyst, og trongen til alltid å eiga meir, som ikkje er anna enn avgudsdyrking”.
Då stig den i meg, den plutseleg frigjerande tanken: Eg skal få øve meg i å døy som ein del av livet i fridom. Det er ei trusøving som tener livet. Alt eg må la fare som ein del av livsens gang, kan eg øve meg i å la fare frivillig. Alt det i livet mitt som eg veit ikkje tener til det gode, kan eg be om hjelp til å la fare. Alt som er godt, kan eg takke for, nyte og halde meg klar til å la fare.
Eg er ved godt mot. Eg vågar å tru at eg er oppreist med Kristus. Eg vil øve meg i å stå saman med han i alle ting til reisa er slutt.
Geir Gundersen
Musikk ”Som en storm” Ole Paus