Kven er du, Gud? Du, som mitt hjarte lengtar etter og som mi ånd leitar etter, kven er du? Du som eg lever og rører meg og er til i, du som ikkje høyrer heime i tid og rom, men som tida og rommet ikkje kan vere utan, kven er du?
Dette er kjærleiksspørsmålet til det lengtande og søkande mennesket. Dette er det spørsmålet som fyller kyrkja, når den er er ei sann og levande og elskande kyrkje. Kven er du ,Gud?
Kjære lyttar, høyr no på eit svar som Austkyrkja, den ortodokse kyrkja har lytta seg fram til i sin liturgi:
Fader, du som er mitt håp,
Sønn, du som er min tilflukt,
Hellige Ånd, du som er mitt forsvar,
Hellige Treenighet,
deg være ære! Amen.
Gud, du er Far, du er Son, du er Heilag Ande, så kven er du? Du er mi von, mi berging, mitt forsvar, så kven er du? Gud, du er tre i ein og ein i tre, så kven er du? Gud er relasjon, Gud er fellesskap. Det er rørsle i Gud, kjæleiksrørsle og i denne rørsla vart du og eg til, hans ekte kjærleiksbarn.
Denne tanken, som den kristne kyrkja har tenkt frå si urtid og som er særmerkt for det kristne gudsbiletet, kan kyrkja berre uttrykke i undring og tilbeding. Men den bygger på Jesu ord til læresveinane sine, slik vi høyrer dei i dagens tekst frå Johannesevangeliet kap.16:
”Enno har eg mykje å seia dykk, men de kan ikkje bera det no. Men når han kjem, Sanningsanden, skal han leia dykk fram til heile sanninga. For han skal ikkje tala av sitt eige, men tala det han høyrer…han skal herleggjera meg , for han skal ta av det som er mitt og forkynne det for dykk. Alt det som Far min har, er mitt.”
Kven er du, Gud – Far og Son og Ande – og kven er eg, saman med deg? Det er så mykje eg ikkje veit. Men eg lengtar etter å vite og difor spør eg heile tida. Og så tek eg til meg trøysta i Jesu ord. Eg treng ikkje å vere redd for alt eg ikkje veit. Og slett ikkje for at det skal bli for mykje for meg. For Anden er Sanningsanden, og han skal også leie meg til det som eg treng å vite. Til slutt skal han leie meg til heile sanninga, det vil seie heilt heim til seg sjøl. Og han og eg skal vere eitt. Og alle spørsmål skal få sitt svar.
Geir Gundersen
Musikk: Bjørn Aslaksen - «Hellig ånd»