Hopp til innhold

Morgenandakten onsdag 29. mars

La Gud elske deg

Geir Gundersen i naturen

Tekst: Herrens velsigning, 4.Mos.6,22-27

God morgon!

Eg sit og les ein invitasjonen på framsida av dei katolske St.Josephsøstrene sitt program for stille retrettar i 2017. Eg deler gjerne heile invitasjonen med deg.

La Gud elske deg. Det er alt Vær stille Bli stille i ditt indre Alene

Fremfor Gud Si ingenting Spør ingenting Vær stille Bli stille i ditt indre

La Gud se på deg Det er alt Han vet Han forstår Han elsker deg

Med sin kjærlighet Han vil bare Se på deg. Med sin kjærlighet. Bli stille

La Gud elske deg.

Er det dette eg lengtar etter? Er dette målet for mitt urolege hjarte? Er det hit alle mine bøner fører meg? Og kanskje: er det hit Gud lengtar etter at eg skal kome? Falle til ro framfor han og opne meg for hans kjærleik, legge livet mitt nake og bert fram for han? Ikkje slik eg ønskjer det skal vere, men slik det faktisk er? Hjarte mot hjarte, kropp mot kropp, andlet mot andlet?

Eg tenkjer: det er verdt å prøve. Eg kan øve meg. Utan ord, men med rom for alt som rører seg i meg og i verda rundt meg. Eg stiller meg framfor Han. Eg utset meg for Han. Det er bøn, annleis bøn. Kan eg kalle det eksistensiell bøn? Eg berre er til framfor Han.

Eg er den eg er framfor Han som er den han er. Med eitt kjenner eg kva det er å bli velsigna: å stå slik i lyset frå Guds andlet, smake og kjenne at Han faktisk lyfter andletet mot meg for å sjå meg betre. Så nåden og freden verkeleg når meg. Og no kan eg ikkje vente eitt sekund med å be Fader Vår og lyse velsigninga over deg, kjære medmenneske.

Geir Gundersen

Musikk: Hilde Svela - "Velsignelse ved reisestart"

Skog