Hopp til innhold

Morgenandakten onsdag 28. mars

Pilegrimsreise heim

Geir Gundersen
Foto: Kim Erlandsen / NRK

Jeremia 31, 31-34

God morgon!

Eg kan berre seie at no ved enden av ein langsamt minkande fysisk styrke, er eg på pilegrimsreise heim.

Slik seier pave Benedikt 16 det i eit heilt uvanleg brev, nyleg offentleggjort i ei italiensk dagsavis. Benedikt, som av eigen vilje gjekk ned frå pavestolen, den første på 600 år – og slik opna for pave Frans. Benedikt er over 90 år, han er rørt over at så mange bryr seg om korleis livet er for han no. Han vil takke. Det er ein stor nåde at eg på dette siste vegstykket er omgjeven av så mykje kjærleik, meir enn eg kunne drøyme om.

Eg er på pilegrimsreise heim. Eg gjer Benedikt sine ord til mine. Visst er eg ved rimeleg god helse. Men eg veit at eg har byrja på den siste delen av livet mitt, det kjennest viktig å tenkje slik om det no. Det livet som eg fekk, ei vidunderleg gåve, det skal eg no fullføre som pilgrim på veg heim. Og eg kjenner at nett slik er det forfriskande å opne seg for påskemysteriet enno ein gong.

Eg, Geir, som elskar det livet eg har fått og som lik Benedikt er omgjeven av kjærleik, eg øver meg, eg øver meg i å gje livet frå meg, eg øver meg i å helse avtakande fysisk styrke velkomen, eg øver meg i openheit for påskemysteriet.

Det kjem ikkje av seg sjøl. Eg er glad eg skal få øve meg, eg takkar for tida til å øve meg på det mest vesentlege i livet, å gi frå meg alt eg har fått.

Lengten heim er mat på vegen. Det er ikkje ein lengt etter døden. Det er ein lengt etter livet. Slik Jeremia skildrar det i ein profeti om dagar som skal koma då Gud og menneske skal kjenne kvarandre:

Då skal ingen lenger undervisa sin neste og sin bror og seia: Kjenn Herren!

For dei skal alle kjenna meg, både små og store, seier Herren.

For eg vil tilgje skulda deira og ikkje lenger hugse synda

Eg er ikkje aleine. Eg øver meg saman med Benedikt 16. Eg øver meg saman med dei som har fullført si pilgrimsreise, med dei som gav meg livet, mor Ester og far Harry, eg øver meg ved å synge spirituals saman med Johnny Cash: Aint no grave can hold my body down. Det finst inga grav som kan halde min kropp nede. Eg skal heim. I namnet til Jesus Kristus, den krossfeste og oppstadne.

Geir Gundersen

teolog og tidlegare generalsekretær i Blå Kors

Musikk: Johnny Cash - "Ain't no grave"

Skog