Hopp til innhold

Morgenandakten onsdag 27. juli

Kamelen og nålauga

Kari Veiteberg
Foto: Johanne Veiteberg

Kamelen er mørkebrun eller sandgrå. Han har lang hals og eit langstrakt hovud, og kjenneteiknet – pukkel. Kroppslengda ligg mellom 225 og 345 centimeter, mankehøgda ligg mellom 180 og 230 centimeter og vekta er mellom 300 og 700 kilo.

Jesus snakka om ein kamel: Sannsynlegvis den arabiske kamelen med ein pukkel som og blir kalla dromedar.

Jesus snakka om eit kamel og eit nålauga. Eit nålauge er auga på ein nål, som ein brukar til søm.

Vi finn kamelen og nålauga i parallelle forteljingar hos evangelisten Markus, Matteus og Lukas. Markus er det eldste evangeliet, frå om lag år 70, og vi reknar med at Matteus og Lukas kjende til Markus.

Det kjem ein rik mann til Jesus og spør "Gode meister kva skal eg gjere så eg kan arva evig liv?" Han gjekk bort sorgtung etter møte, for han eigde mykje. Jesus såg omkring og sa "Kor vanskeleg det er, borna mine, å koma inn i Guds rike for dei som set si lit til rikdom. Det er lettare for ein kamel å gå gjennom eit nålauge enn for ein rik å koma inn i Guds rike."

Desse orda har den kristne kyrkja alltid streva med. Og det må seiast, desse orda er ikkje det mest utslitte bibelsitatet! Forsøka å komme til rettes med denne teksten er mange og fantasifulle. Ja, viljen til å gjere nålauga uendelig stort og kamelen slank og smidig har vært nærmast ubegrensa: Det toppa seg i ei fortolking, visstok frå 1700 talet, som forunderleg mange har høyrt.

Det har blitt hevda at det fans ein port i Jerusalems bymur, som var så liten at kamelane måtte ned på knea for å komme igjennom. Denne byporten heitte "nålauga". Men kamelar kan ikkje gå når dei knelar! Og nokon slik byport fins det ikkje spor etter, på Jesu tid!

Det å ikkje tenkje konkret om kamelar og rikdom trur eg er feil. Eg kjem ikkje utanom å ta det på alvor.

Kari Veiteberg

Musikk: Berit Opheim Versto - "Fager kveldsol smiler"

Skog