Hopp til innhold

Morgenandakten onsdag 24. februar

Måltida

Ragnhild Jepsen
Foto: Lars H. Andersen

Av dei beste minna mine frå reiser rundt i verda, er måltida eg har vorte invitert til. Menneske eg ikkje kjenner har bede meg inn til seg. Hjå fattige bønder langt nord i Vietnam har eg fiska opp frå gryta både kammen og kloa frå hanen.

I små slitne husrom i Hebron har eg drukke te hjå palestinske familiar. I USA har eg vore heidersgjest ved bordet der heile kyrkjelyden var innbeden for å samtale med denne dama frå landet forfedrane deira eingong hadde reist frå.

Måltid gjer noko med oss. For ikkje berre deler vi mat. Vi blir også del av fellesskapet og tradisjonane. Ja, ein invitasjon til å dele måltid er ein aksept; ei stille – men synleg - godkjenning av at vi respekterer kvarandre og vil vel, både den som inviterer og den som takkar ja. Når vi bed til måltid, synleggjer vi at vi høyrer til.

Eg likar godt bibelforteljingane om måltid. Og det er faktisk ganske mange av dei. Jesus er snar til å ta imot invitasjonar frå dei som han etter dåtidas konvensjonar godt kunne ha takka nei til. Ja, mange meinte han burde takka nei. For desse var då ikkje slike som høyrde til i det gode, oversiktlege fellesskapet?

Men så går han inn i huset likevel, set seg til bords og tek i mot det som blir bode han. Eit av desse er huset til ein tollar som heitte Matteus. Ein som absolutt ikkje høyrde til. Han var framand. Han var ikkje velsett. Faktisk var han kanskje ein skurk. Kva ville vel Jesus med å takke ja til invitasjonen hans?

Jo, Jesus viser oss kven som er vår neste. Det er den framande, den vi ikkje kjenner. Det er ho som ved fyrste augekast ikkje høyrer til. Han som ikkje er velsett i det gode selskapet.

Og så kjem Jesus dit med sitt hjartelag, sitt nærvær, sin nestekjærleik. Han gjer synleg at hans nærvær er for alle. Det er ingen grenser for kven som blir innbeden eller kven som har lov til å takke ja.

Min neste er også den framande. Han eg ikkje veit så mykje om. Ho eg ikkje kjenner, dei som i utgangspunktet ikkje høyrer til. Og det som skjer i måltidsfellesskapet, er at vi blir betre kjend.

Når maten har gått rundt bordet ein gong, er det at historiene kjem fram. Vi opnar oss for kvarandre og deler. Så når vi går frå kvarandre, er vi mettare, rikare og har skjøna meir: Av kvarandre, av kulturen, av Gud og av oss sjølv.

Ragnhild Jepsen

Musikk: Halvdan Sivertsen - "Sommerfuggel i vinterland"

Skog