Hopp til innhold

Morgenandakten onsdag 22. juni

Vi høyrer det same

Ragnhild Jepsen
Foto: Lars H. Andersen

I dag blir Nidarosdomen så fargerik som den vel aldri har vore før.

Frå heile verda kjem menneske saman for å feire gudsteneste. Dei deltek på eit kyrkjemøte som skal haldast i Trondheim dei neste dagane.

Det er folk frå alle kontinent; det er alle slags uttrykk og språk, kledeboning og hovudplagg. Og så skal vi finne saman i gudsteneste. Vi skal synge, vi skal be, vi skal danse ut frå kyrkja i glede over å høyre til i Guds kyrkje på jorda.

Det er ikkje så mange veker sidan vi feira pinse. Eg har alltid tenkt at viss det var noko frå bibelhistoria eg skulle likt å få vere med på, så måtte det vere pinsedagen i Jerusalem etter at Jesus hadde fare opp til himmelen. Då forvirringa var total; språka svirra i lufta og ingen kunne kommunisere med dei som ikkje hadde same tungemål som ein sjølv.

Men så skjer det at Guds ande kjem til jorda – Gud mellom oss. Og ein etter ein skjønar dei at dei høyrer det same. Framleis kvar på sitt språk. Framleis kan dei ikkje forstå kvarandre. Men dei høyrer alle Evangeliet om Jesus. Det som før var for nokre få, er no blitt for alle.

Etter denne opplevinga i Jerusalem kunne apostlane ta til med oppgåva Jesus hadde lagt på dei: Dei skulle gå ut i heile verda og gjere folkeslag til læresveinar. Dei skulle døype, dei skulle lære, og dei skulle vite at han som sendte, også ville vere med dei alle dagar så lenge verda står.

Verda står. Og Jesu kyrkje på jorda vaks fram. Så trua vår kan få en heim. Så vi kan høyre til og kjenne oss elska; så vi kan dele Guds gåver og vere i fellesskap med kvarandre. For Jesus sa: Der to eller tre er samla i mitt namn, der er eg midt mellom dei.

Kyrkja er mangfaldig og livskraftig. Men ikkje alltid står ho fram som éi. Det er ikkje eit godt vitnemål. Det er ei sorg at vi må bruke tid på å vere usamde og splitta. Den sorga kjente Jesus alt på når han sa: Eg bed om at dei alle må vere eitt.

Når vi går ut frå Nidarosdomen i ettermiddag, er vi pilegrimar som vandrar mot eit mål, og som vitnar på vegen om det vi har fått og det vi skal gje vidare. Berre slik gjer vi Jesu ord til våre. Vi har fått kyrkja som heim og tilflukt. Vi skal gjere Jesu hjarteslag for verda sterke og kraftige. Det skal vere godt å høyre til.

Ragnhild Jepsen

Musikk: Karoline Kruger – "Credo"

Skog