Hopp til innhold

Morgenandakten mandag 19. desember

Stallen på Jerbanetorget

Kari Veiteberg
Foto: Johanne Veiteberg

God morgon!

Eg sit i stallen. Førre tirsdag opna vi. Eselet Tussi tusla sånn passe velvillig inn i båsen sin, mens sauene Resi og Balto trippa inn på lette føter. Det verka som dei såg fram til den årlege adventsmøtet med barnehageborna, tilreisande og anna folk.

Kvar advent set Kirkens Bymisjon opp ein Betlehemsstall på Jerbanetorget ved Oslo Sentralbanestasjon og frivillige og stab servere gløgg, er vertskap og tilstades. No er det er ikkje Kirkens Bymisjon som set opp stallen. Det er ikkje snekkaren Josef heller.

I går snakka eg med tømmer- og snikkarmeistar Fred Olsen frå Lom. Han har i sekstan år no vore friviljug stallbyggar. - Ja for inntil fem år sidan la eg bjelke for bjelke, fortel han. Dette måtte gjerast på Oslo S, ein og ein stokk blir lagt oppå ein annan. Dette tar veldig lang tid! No har han gått over til modular og kranbil.

- Det var veldig stress første året for å bli ferdig, fortel Fred! Eg rakk ikkje å sette opp skiljet mellom sauene og eselet, eg la siste handa på verket mens Lucia toget gjekk i prosesjon nedover Karl Johan, mot meg her på Jernbanetorget.

Vi tar juleforteljinga og plantar ho midt i byen, midt kvardag og støyen. Grove tømmerveggar, halm og dyr skal minne om at vi som lever, høyrer saman og at det finnes ei ro og eit nærvær av håp i det enkle og stillferdige.

For der han står, viser stallen fram nokre verdiar. Breie tømmer, høyballar, ja det viktigaste er atmosfæren, ein stad der folk kan ta seg ein pust I bakken og der alle er velkomne. Her kan du kome utan ingangspengar. Her kan du kome - ikkje som forbrukar eller konsument. Forhåpentlegvis opplever folk ein møtestad kor ein blir møtt som noko anna enn ein konsument.

Framfor stallen står ei tom krybbe. Det er advent. Sjå krybba! Høyet i krybba er mjukt. Gud kjem til oss som eit nyfødd barn. I det ubeskytta, sårbare og mjuke, er Gud.

Ved krybba ligg brustein til å tenne lys på. Ved stallen tenner vi mange, lys med og utan ord, men som oftast i bøn for nokon vi har mista, for noko vi er redde for, for nokon vi bryr oss om.

Kari Veiteberg

Musikk: Cristel Alsos - "I denne søte juletid"

Skog