Hopp til innhold

Morgenandakten mandag 13. juli

Hjartet har grunnar som forstanden ikkje forstår

Johan Moan
Foto: Marit Kolberg / NRK

Har du tenkt over kva lufttrykk eigentleg er? Det er molekylar som fyk rundt og støyter imot flater. Nett no sit du i eit lufttrykk på 100 000 Pa. Pascal er ei eining for lufttrykk, kalla så til ære for ein stor vitskapsmann, Blaise Pascal, fødd i Frankrike i 1623.

Han var både fysikar, forfattar, matematikar og filosof. Han var eit geni, men sa likevel: "Hjartet har sine grunnar som forstanden ikkje forstår!" Kvar gong eg les Nytestamentet, vert eg meir og meir overtydd om sanninga i det, utan å skjøna kvifor.

Her er store krav til livsførsle, men og tilgjeving og fred i rikt mål. Eit ope og audmjukt hjarte, som det Pascal hadde, vil kjenna om bodskapen er eventyr eller sanne ord frå ei anna verd.

Pascal var eit vedunderbarn og tidleg det største fysikk-geniet i samtida. Som forfattar og filosof var han og stor. Han hadde dårleg helse og sterke smerter dei siste åra av det 39 år stutte livet. Mellom alle fysikarar og matematikarar har han ein høg heidersplass. Han var ein banebrytar innan geometri, sannsynlegheitsrekning, hydrodynamikk, og luftstudier. Han laga den første, brukbare, mekaniske computaren. Taltrekanten og teoriane hans er velkjende. Ei omfattande plan for hestebussar gjennom Paris laga han og.

31 år gamal hadde han ei oppleving som snudde livet hans. Frå da av dreiv han mest berre med kristen filosofi og studier av Bibelen, til sorg for mange av sine vener innan naturvitskap, men til glede for kristne, no i nær 400 år. Pascal skreiv ei mengd kristne tankar ned på papirlappar, men rakk ikkje å organisera dei før han døydde. Dei fins i ei samling som heiter "Tankar", og er noko av det finaste innan fransk prosa.

Da Pascal var død, fann dei, på ein lapp, innsydd i foret på kappa hans, nokre ord om den store opplevinga si: "Midnatt den 23. november 1654. Eld! Ikkje dei lærdes og filosofane sin gud, men Abrahams, Isaks og Jakobs Gud. Menneskeånda er stor: mellom inkje og alt. Glede, gråt av glede. Min Gud: Lat meg aldri meir skiljast frå deg! Det evige livet er å kjenna deg og Han du sende oss: Jesus Kristus: Eg var med og krossfeste han med syndene mine, men lat meg aldri meir koma bort frå han. Jesu Kristi veg er Evangeliet sin veg til Gud."

For Pascal var det ingen motsetnad mellom kristentru og naturvitskap. Ved å prøva læra i eige liv, fann han at ho var truverdig. I undring over skaparverket sa han: "Naturen er stor og Guds bilete er prega inn i han. Må Gud aldri forlate meg." Det er klokt å prøva å gå litt i Pascals audmjuke fotefar i dag.

Johan Emilian Moan

Musikk fra Young Messiah - "I know that my redeemer liveth"

Skog