Hopp til innhold

Morgenandakten mandag 11. januar

Livgivande vatn

Kari Veiteberg
Foto: Johanne Veiteberg

Om eg kunne fortelje deg kva dansen min skal bety, så ville det ikkje vore noko poeng å danse!

"If I could tell you what it meant there would be no point in dancing it." sa dansaren Isodora Duncan når nokon spurde kva dansen betydde. Det same vil eg seie om dåp og nattverd, - "om eg kunne fortelje deg kva det betydde, var det ikkje noko poeng i å utføre det!"

Då kunne eg ha halde ei preike, gitt eit ark med noken punkt. Så las du dei, og så var vi ferdig med dåpen.

Dåp, bryllaup, gravferd. Eg at trur desse ritene kan heile og lindre, stadfeste fellesskap, endre og transformere. Ja, eg trur på ritual, for, med Guds hjelp, å fargelegge livet, markere eit før og etter, få ein himmel over livet.

Kva betyr dåp? Kvifor døyper vi? Liva våre har overgangar og alle kulturar har ei felleskapshandling for å markere at eit barn er komme til verda. Ein stad legg de det nyfødde barnet på jorda, for å markere slektskap til alt veksande liv og til skaparkrafta.

"Om eg kunne fortelle deg kva det betydde, var det ikkje noko poeng i å utføre det" Kvifor døyper vi? Svaret ligg inni sjølve handlinga – i det at vi døyper i Guds namn, at vi døyper barn, og i det at vi døyper med vatn. Dåpen handlar om vatn, Gud, liv og død. Og aller mest handlar det om ho som blir døypt, og forholdet mellom henne og oss andre og Gud.

I den kristne dåpen er det vatnet som er det livgivande og frelsande elementet. Det ligg i ordet, døype/duppe/baptismos, som betyr: duppe ned i vatn og opp igjen.

Eg tenkjer at alle dei assosiasjonane vatnet gir deg, kan du overføre på dåpen for å forstå noko av det mysteriet. Vi kan nemleg aldri gripe fullt og heilt med fornufta vår det som skjer i dåp og nattverd, og det er jo det store ved det.

Høyr på vatnet sildre. Funder på vatnet. Eg tenkjer på torste, å bli rein, kjelde, hav, fødsel og dødskrefter. Vatn i livmora, vatn som gir og tar liv. Vatnet reinsar og fornyar.

I Skrifta les vi om Skapinga, Storflaumen, Raudehavet, Jesus dåp i Jordan, Kvinna ved brønnen og livsens vatn i Openberringa. Alt dette og meir til, minner dåpen oss om.

Vatnet er helt nødvendig for livet og likevel livsfarlig. Å døype i vann er å ta livet alvorlig. Vatnet er godt, friskt, livgivande, og det er mørkt, skummelt og av og til alt for mykje. Sånn som livet også er, begge deler.

Kari Veiteberg

Musikk: Alison Krauss - "Down to the River to Pray"

Skog