Hopp til innhold

Morgenandakt onsdag 11. januar

Openberra for hjartet

Ragnhild Jepsen
Foto: Lars H. Andersen

Sjølv i eit stummande mørke skal det ikkje så mykje lys til før mørket ikkje er heilt mørkt lenger. For viss vi har plass for håpet i livet vårt, er det ei lysstrime der – uansett kor mørkt det måtte kjennes.

Også i eit mørkt hjarte får lyset plass når vi slepp håpet til. Om enn berre ei lita strime av håp! Lyset har den eigenskapen.

Desse mørke januardagane gjev håp om lys. For kvar dag som går, er lyset hjå oss litt lenger. Først nesten umerkeleg. Men så kjenner vi det: Dagane er lengre. Konturane av fjellsidene er tydelegare når vi står opp om morgonen. Vi kjenner at vi blir dregne mot det gyldne, det varme. Det er som om lyset som sakte kjem, openberrar noko for oss som vi hadde gløymt eller ikkje visste lenger at vi lengta etter.

Å bli openberra betyr at noko blir synleg for oss. Men kanskje ikkje alltid for augene våre. Kanskje heller for hjartet vårt. I bibelforteljingane høyrer vi mykje om sanseinntrykk. Men ikkje alt handlar om å sjå. Mykje handlar om å kjenne med kroppen. Noko handlar om å gje seg på veg. Gjere eit oppbrot. La hjarta og lengselen styre føtene våre mot eit mål. Og vandringa dit blir ei livsvandring, ei trusvandring.

Den tida vi har i kyrkja etter jula kallar vi nettopp for openberringstida. For den handlar om å la lyset sleppe inn i livet vårt så vi ser kven Jesus er. Korleis kan ein sleppe lys inn i livet sitt? Då må eg tenke på Maria, mor til Jesus. Det var ikkje så mykje lys der ho var, i den mørke og kalde stalle der Jesus vart fødd.

Men så kom barnet med lyset – han kom for å gje lys til våre liv. For ei stund vart det lyst i stallen også – då englane kom og song. Men det vart nok fort kaldt og mørkt att. Då er Maria vårt fremste førebilete: Ho gøymde lyset og alt som skjedde i hjartet sitt.

Eg veit ikkje kor mykje plass det er i eit hjarte, men eg trur det kan romme mykje. Då er det godt å tenke på at lyset og håpet alltid kan finne rom der – om vi slepp det til.

Ragnhild Jepsen

Musikk: Eva Cassidy – "Fields of Gold"

Skog