Hopp til innhold

Kristen levemåte

Den kristne levemåten er å opne seg for kjærleiken under alle forhold, ta i mot den under alle forhold og leve den ut under alle forhold, seier Geir Gundersen.

Geir Gundersen
Foto: Privat.

Teksten er henta frå Matt.25, 14-30.

Den kristne levemåten

God morgon!

Eg vil dele med dykk ei overtyding. I ei tid med store endringar når det gjeld religionens plass i samfunnet innanfor vår kultur, ser eg det slik:

Det er ikkje politiske rammevilkår som vil avgjere kyrkja si stilling i folket.

Det er heller ikkje det sokalla demokratiet i kyrkja som mange er så opptekne av. Det er heller ikkje at kyrkja blir flinkare i sin pedagogikk: det vil seie å formidle innhaldet i den kristne overleveringa på eit språk folk forstår.

Slik eg ser det er det dei kristne sin levemåte som vil avgjere kristendommens posisjon i ei ny tid.

Ringen er slutta. Vi er tilbake i den same situasjonen som dei første kristne var i. Dei hadde ingen maktposisjon å lene seg til. Dei hadde berre livet sitt - og dei prøvde å leve det ut som truande i ei verd med mykje motstand.

Så reiser det store spørsmålet seg: kva er det som kjenneteiknar den kristne levemåten?

Lat oss nærme oss svaret i lyset frå dagens tekstord, Jesu likning om talentane i Matt. 25.” Det er som då ein mann skulle fara utanlands. Han kalla til seg tenarane sine og overlet dei alt han åtte til kvar etter som dei dugde til. Han som hadde fått fem talentar, tok straks til å handle med dei og tente fem til. Han som hadde fått to til, gjorde det same og tente to til. Men han som hadde fått ein talent, gjekk bort og grov eit hol i jorda og gøymde pengane åt husbonden sin

Når husbonden kjem heim, vankar det løn og gode ord til dei to første. Men den siste misser endå sitt eine talent og blir sendt tomhendt frå garden.

Kva er det som gjer at han misser alt? Han har stengt seg inne i eit falskt bilete av Gud og verda. Han grev sitt talent og seg sjølv ned. I redsle stenger han seg ute frå kjærleiken - og livet blir utan frukt. Jesu forteljing er ei likning om Himmelriket. Himmelriket er Guds rike og Guds rike er kjærleikens rike.

Den kristne levemåten er å opne seg for kjærleiken under alle forhold, ta i mot den under alle forhold og leve den ut under alle forhold. Slikt blir det overskot av, kjærleikens overskot. Slik set dei truande farge på samfunnet dei lever i.

Så enkelt, så vanskeleg. La fare all redsle all posisjonering. Vi er barn av Himmelriket. Utanfor dette miljøet er vi som fisken utanfor vatnet.

Innanfor lever og leiker vi. Og kyrkja veks.

Skriv e-post til Geir Gundersen her.

* * * * * * * * * * * * * * * * * * * * * * * * * * * * * * * * * *

Vi høyrer sunnmørsgruppa Vox Virorum syngje den svenske salmen ”Långt bortom rymder vida”.

Skog