Hopp til innhold

Kong David opplevde også å falla

Når ein har gjort opp si gamle synd og fått tilgiving, korleis skal ein då gå vidare? Det lurer Vigdis Berland Øystese på i morgonandakta denne tirsdagen.

Illustrasjonsfoto: www.colourbox.no
Foto: Sinar 2

Vigdis Berland Øystese.

Vigdis Berland Øystese held andakt denne tirsdagen

Foto: NLA (for NRK-andakten).


Kong David er kanskje den som ragar høgast blant dei bibelske kongane. Han vart salva til konge medan han var gjetargut og passa dyreflokken til far sin; det var litt av ein opptur for eit ungt menneske! Men han opplevde også å falla. Heller ikkje han greidde å leva opp til dei høge standardar som gjeld for eit menneske, og framfor alt for ein konge.

Han forelska seg i ei kvinne han fekk auga på ein dag. Kong David laga det slik at mannen hennar fall i krigen, slik at han kunne gifta seg med henne. Det var grovt, det var synd. Og Gud sende sin talsmann til David for å snakka han til rettes. David innsåg at han hadde gjort urett mot menneske og synda mot Gud.


I ein lære- og takkesalme som somme trur kan vera skriven av David, Salme 32, heiter det: ”Då sanna eg mi synd for deg og dulde ikkje mi skuld... Og du tok bort mi syndeskuld ... Sæl er den som får si misgjerning tilgjeven og si synd tildekt! Sælt er det menneske som Herren ikkje tilreknar skuld, og som er utan svik i si ånd.”

Men når ein er komen så langt, at ein har gjort opp si gamle synd og fått tilgiving, korleis skal ein då gå vidare? Vil ikkje freistinga vera der på nytt? Vil ein ikkje kunna snubla og falla igjen? Vi deler den erfaringa med David at det ikkje er berre enkelt å reisa seg og sidan gå stødig gjennom livet. At det som lokkar oss, ikkje alltid fører godt med seg. Vi veit at dei dei store prøvingane møter oss, at den avgjerande augeblinken kan finna oss svake og dårleg førebudde.

Både Det gamle og Det nye testamentet talar om ein Gud som møter mennesket med tilgiving og omsorg, med hjelp og trøyst. Men også med rettleiing og vern slik at vi betre kan stå imot det vonde, og koma gjennom det vanskelege. Difor syng Salme 32 vidare, i ein dialog mellom songaren og Gud Herren, om å stola på Gud og om å ta imot råd og rettleiing frå han:

6 Difor skal alle trugne
be til deg i trengselstider.
Om det kjem ein veldig flaum,
skal vatnet ikkje nå dei.

7 Hjå deg finn eg livd,
du vernar meg mot trengsle
og lèt frelsesjubel lyda ikring meg.
Sela

8 Eg vil læra deg og visa deg
den vegen du skal gå.
Eg vil la mitt auga kvila på deg
og gje deg råd.

9 Ver ikkje lik hest og muldyr,
som ikkje har vit!
I sin villskap må dei tvingast med taum og beisel,
elles kjem dei ikkje til deg.

10 Den gudlause har mange plager;
men den som set si lit til Herren,
kransar han med miskunn.

11 Gled dykk i Herren!
Bryt ut i jubel, de rettferdige!
Ja, rop av fagnad, alle de ærlege!

Skog