Den store katedralen er eit univers i seg sjølv. Den avspegler livet. Difor blir den eit bilete også på mitt liv, - og ditt! Same kor lenge vi har levd, om vi synes livet er godt eller for stort eller for lite. Vi kan alltid kome til Han som gjev oss nåde.
Det kan vere eit eventyrleg lys i Nidarosdomen når sola skin gjennom glasmåleria. Men likevel tek det lang tid før auga venner seg til det dunkle lyset der inne. Og enda større blir overgangen når ein har vore inne i det store rommet, og kjem ut att i dagslyset. Når ein møter det vanlege livet. Når ein igjen må møte kvardagen og utfordringar som ventar. Lyset kan vere så skarpt at det mest gjer vondt. Det var så trygt og godt å vere der inne. Kva har vi med oss som kan ruste oss til å møte dagane?
Å vere i katedralen vil seie å vere i Guds nærhet. Så må vi vel ha fått med oss noko som kan hjelpe oss til å leve nær Gud, også om vi skulle kjenne annan grunn under føtene. Om det verkeleg er slik, at vi er tekne mot av Jesus Kristus som alltid møter oss med tilgjeving, nåde, kjærleik, - skal ikkje vi då prøve å møte kvarandre slik Han har møtt oss?
Apostelen Paulus skriv i brevet til kyrkjelyden i Galatia:
Til fridom har Kristus frigjort oss.
Stå difor støtt og lat ikkje nokon tvinga dykk inn att under trældoms åk.
Vi held oss til trua og ser ved Anden fram mot den rettferd som er vår von.
For i Kristus gjer det korkje frå eller til
om ein er omskåren eller uomskåren:
her gjeld berre tru, verksam i kjærleik.
Tru, verksam i kjærleik. Det er det Kristus har gjort oss fri til. Det er den oppfordringa vi tek med oss ut i livet! Nokre menneske eg har møtt, trur med føtene. Dei viser i handling kva det vil seie å vise nåde, tilgje, elske. På den måten høyres Kristi hjarteslag i verda. På den måten gjer dei verkeleg Jesu ord om å elske vår neste som oss sjølv. Slik blir Evangeliet truverdig. Det er fantastisk å oppleve!
Når vi har fått vore i Guds nærhet, tek vi med oss lyset vi erfarte ut i dagen og prøver å gjere Jesu hjarteslag i verda høyrbare. Ei varm hand, lette føter, ein god tanke. Denne dagen kan bli fylt av Guds lys – for vi er omgjeven av det lyset! Ha ein god dag!