Hopp til innhold

Heilag dans

Det skal to til eit kjærleiksforhold – og ein viss avstand mellom kjærleikspartnarane om forholdet skal bli godt, seier Geir Gundersen.

Geir Gundersen
Foto: Privat.

Teksten er henta frå Salme 119,105-112.

God morgon!

To dansarar i øydemarka. Two dancers in the desert. Det er tittelen på ein liten engelsk biografi om Charles de Foucauld, bror Charles av Jesus, munken og einebuaren i Sahara, som levde og enda sitt liv mellom sine elska, blåkledde, muslimske tuaregar.

Han vart drepen av ei kule frå ein av dei. Men meir enn noko anna vart dette mordet ei ny strek i biletet av ein mann som gav livet sitt for dei han var glad i. Kven er dei to dansarane i øydemarka? Dersom bror Charles er den eine, må Gud vere den andre. Bror Charles sitt liv vekste til ein stadig meir personlig dans med Gud. Han kalla seg misjonær.

Hans høgaste ønskje var å få undervise og døype ein tuareg. Det ønskjet fekk han aldri oppfylt. Men han vart ein god skomakar for tuaregane. Dei fekk godheit for mannen og kalla han sin kvite marabou, vår kvite Gudsmann. For dei forstod at han levde nær Gud og var heilt igjennom forma av dette samlivet.

Det skal to til eit kjærleiksforhold – og ein viss avstand mellom kjærleikspartnarane om forholdet skal bli godt. Det blir ingen god dans når dei to klynger seg til kvarandre. Bror Charles sitt liv vil alltid inspirere søkande menneske.

For han let Gud vere Gud og han vart meir og meir seg sjøl der han søkte og fann vegen til sin kjærleikspartnar. Då han døydde, fann dei denne bøna, bror Charles sin versjon av Fadervår, ei Overgjevingsbøn.

Den opnar slik:

Far, eg gir meg over til deg. Gjer med meg kva du vil. Kva du enn gjer med meg, takkar eg deg.

Eg er budd til alt. Eg er med på alt. Må berre din vilje skje med meg og med alt du har skapt.

Eg ønskjer ingenting anna, min Gud.

Eg har fortalt bror Charles si historie fordi den er eit så vakkert vitnesbyrd om korleis Gud og menneske passar saman, det skrøpelege og forgjengelege mennesket og den evige, elskande Gud. Og for ein dans det blir når desse to finn kvarandre!

Slik syng salmisten i Salme 119, om grunnrytmen i livsens dans med Gud:

Ditt ord er ei lykt for min fot Og eit ljos på min stig. Djupt er eg nedbøygd Herre, hald meg i live etter ditt ord!

Eg går støtt med livet i hendene, men eg har aldri gløymt di lov. Etter din vilje rettar eg meg.

Og det vil eg alltid gjera til mi siste stund.

Amen.

Skriv e-post til Geir Gundersen her.

* * * * * * * * * * * * * * * * * * * * * * * * * * * * * * * * * * *

Vi høyrer Gruppa Vadested med solist Siri Nordli Leirvik syngje ”Dans og syng”.

Høyr andakten 6. februar.

Skog