Hopp til innhold

Gud gir mot

Når eg ser tilbake på livet mitt så langt, ser eg kor sant det er: At motløysa allierer seg med dei destruktive kreftene, ja, er ei destruktiv kraft, seiere Geir Gundersen.

Geir Gundersen.
Foto: L. P. Lorentzen

Teksten er henta fra 2. Tim. 4,1-5.

GUD TEK ALDRI FRÅ DEG MOTET

God morgon - god sommarmorgon!

Vi er i den lyse tida, men det kan vere at du treng å høyre følgjande: Gud tek aldri frå deg motet.

Smak på dei orda. Gud tek aldri frå deg motet. Eg fekk høyre dei av ein ven og rådgjevar ein gong då motløysa sto for døra og venta på å sleppe inn.

Eg erfarte det alle menneske erfarer, før eller seinare, ein gonger eller fleire gonger: at grunnen vaklar under føtene, at det eg hadde rekna som fast og trygt ikkje var det lenger, at avgrunnen opna seg - og motløysa banka på hjartedøra.

Det kjentes heilt rett å invitere motløysa inn. Det var ein naturleg reaksjon, seier vi.

Motet fall, hjartet fall, kropp og sjel fall, med den sviktande, vonde røyndomen. Då hadde eg nokon nær meg som såg mi naud og sa:

Gud tek aldri frå deg motet.

Allerminst nå når du verkeleg treng det til å gå vegen gjennom sorg, tap, uvisse.

Setninga er eit ekko av orda frå apostelen Paulus til sin unge medhjelpar Timoteus: ” For Gud gav oss ikkje ei ånd som gjer motlaus, men ei ånd som gjev kraft, kjærleik og visdom”.

Det tok ei stund før eg forstod det: at det alltid er Guds motstandar som tener på motløysa, som føder og matar den, og at det alltid er mogleg å flytte inn i Gud med dei vonde erfaringane, at det er mogleg under alle forhold og gjennom alle forhold å ta imot motet si gåve.

No er eg ein vaksen mann, eg har faktisk slutta meg til ”dei over 60”. Når eg ser tilbake på livet mitt så langt, ser eg kor sant det er : at motløysa allierer seg med dei destruktive kreftene, ja, er ei destruktiv kraft. Eg ser og at det same gjeld for overmotet, for det dei gamle kalla hybris, sjølvrettferda si ånd. Tilsynelatande løftar det opp, faktisk dreg det ned.

Men motet - det som har si kjelde i den levande, kjærlege Gud, det korkje undervurderer eller overvurderer.

Det opnar veg gjennom røyndomen, same korleis den er.

I dagens tekstord frå 2. Timoteus 4 får Timoteus vite kva han treng mot til: å halde seg vaken så han kan fullføre si teneste også når den inneber å lide vondt.

Og så kjære tilhøyrar: Når det glepp, når motet sviktar. Finn eit medmenneske som kan halde deg oppe med desse orda: Gud tek aldri frå deg motet.

Skriv e-post til Geir Gundersen her.

* * * * * * * * * * * * * * * * * * * * * * * * * * * * * * * * * *

Vi høyrer Hilde Heltberg og Frelsesarmeens Territoriale Hornorkester framføre Erik Bye og Henning Sommerros ”Blå salme”.

Skog