Hopp til innhold

Gud gav oss orda

Gud gav oss del i orda slik at vi både kunne ta imot orda og bruka dei til sjølv å venda oss til Gud i takk og tilbeding, seier Vigdis Berland Øystese.

Vigdis Berland Øystese.
Foto: NLA (for NRK-andakten).

Teksten er henta frå Salme 19, 1-15.

I dag skal vi lesa eit praktstykke frå Det gamle testamentet. Salme 19 er vidunderleg poesi, også i den omsetjinga av den gamle hebraiske salmen som vi har. Bileta er mektige; dei overgår kvarandre som ei rekkje av barokke måleri.

Den som har laga salmen, er opp i under over Gud, over hans herlegdom, over hans gjerningar. Under himmelkvelven anar salmediktaren bruset av lovprisinga frå alt det skapte til han som har gjort det, og diktaren syng sitt hyllingskvad til Gud Herren inn i den sfæriske æressongen.

Men den bibelske salmediktaren har noko å føya til denne lovsongen, noko som skaparverkets lovsprising åleine ikkje kan romma, noko som berre menneskesjela kan gripa og ha full glede av: Det er takken for Guds bod, lovprisinga av Guds fullkomne lov openberra for skapningen gjennom ordet. Gud skapte ved sitt ord, og alt det skapte lovar han.

Men han skapte også ord og formidla gjennom dei sin vilje og tanke, sin kjærleik og si omsut til mennesket. Og han gav mennesket del i orda, slik at det både kunne ta imot dei, og bruka dei til sjølv å venda seg til Gud i takk og tilbeding.

Og salme 19 endar i bøn om å leva etter Guds ord, og om at menneskeorda skal møta Guds lyttande øyra.

Vi les Salme 19:

Himmelen forkynner Guds herlegdom, kvelven fortel kva hans hender har gjort. Den eine dagen ber bod til den andre, ei natt gjev sin kunnskap til den neste.

Det er ikkje tale, det er ikkje ord, og inga røyst som kan høyrast. Men bodskapen går over heile jorda og vitnemålet til heimsens ende.

Der har han reist eit telt for sola. Ho går som ein brudgom ut or sitt rom, glad som ein helt legg ho ut på si ferd.

Frå den eine himmelranda går ho ut og gjer sin rundgang til den andre, og ingen ting er løynd for hennar hete.

*

Herrens lov er fullkomen, ho gjev sjela nye krefter. Herrens lovbod er å lita på, det gjer den urøynde vis.

Herrens føresegner er rette, dei gjev glede i hjarta. Herrens bodord er reint, det får augo til å stråla.

Agen for Herren er rein, han varer til evig tid. Herrens domar er sanne, rettferdige er dei alle. Dei er kostelegare enn gull, enn fint gull i mengd, og søtare enn honning som dryp frå vokskakene.

Ja, din tenar tek imot den rettleiing boda gjev; å halda dei gjev stor løn.

Men kven merkar kor tidt han fer vilt? Tilgjev meg dei synder eg ikkje veit om! Ja, hald din tenar frå skamlege synder; lat dei ikkje få makt over meg!

Då kan eg vera heil i mi ferd, frikjend for store misgjerningar. Ta vel imot dei ord eg talar, lat mitt hjartans tankar koma fram for deg, Herre, mitt berg og min utløysar.

 

Skriv til Vigdis Berland Øystese her.

* * * * * * * * * * * * * * * * * * * * * * * * * * * * * * * * * * *

Vi høyrer

Høyr andakten 30. januar.

Skog