Hopp til innhold

God morgon

Lat meg ikkje vere så avhengig av å bli forstått og teken imot og helsa med heiarop. Lat meg få meir av den gleda som held seg, som tåler både medgang og motgang, same kva som møter meg, ber Geir Gundersen.

Geir Gundersen
Foto: Privat.

Teksten er henta frå Ap. gj. 13, 48-52.

God morgon!

God morgon, Guds Heilage Ande. Eg takkar deg for den nye dagen som ligg framfor meg og lyttarane mine. Eg kan ikkje seie at eg forstår det, men eg har ein smak av at den kjem frå deg. At du, Livsens Ande, står bak alle dagar, gir alle dagar. Ja kjem til meg gjennom den neste nye dagen som er i dag.

Du varme kraft frå Guds hjarte, du som kjem og går og bles dit du vil, eg helsar deg velkommen inn i livet mitt i dag. Blås på meg. Du som skapte så mykje sus og brus og røre på ein pinsedag for to tusen år sida, rør ved meg, ja skap gjerne litt røre i meg og rundt meg i dag, men lat det vere ei rørsle i deg.

Mest av alt ber eg deg om at du rører ved hjartet mitt så eg kan elske dei menneska eg skal møte i dag, i alle fall dei som du elskar. Det har eg forstått er alle eg kjem til å møte. Så der har vi sannelig ei utfordring både du og eg. Eg som så lett som ingenting klarar å dele menneske i grupper. Og du som gjerne vil at eg skulle få den nåden å tenke annleis.

Det er slik eg møter deg i dagens tekst frå Apostelgjerningane 13, frå den første kristne tid. Paulus og Barnabas, dei hadde forstått at du er Jesu Ande, at du ville sprenge alle grenser, nå alle folkeslag og all slags folk, at frelsa skulle ut til heimsens endar.

Då vart dei vel glade alle som fekk høyre dette. Nei, somme vart glade, somme vart sinte. Det er visst slik at endå du er den grenselause kjærleiken, så reiser motstanden seg når du kjem. Somme seier ja takk, andre seier nei takk. – og nokre synes det heile er noko tøv.

Og Paulus og Barnabas, dei vart faktisk kjeppjaga ut av bygdene der dei forkynte den glade bodskapen. Men endå, står det, vart læresveinane fylt av glede og av Den Heilage Ande.

Så no ber eg deg. Lat meg ikkje vere så avhengig av å bli forstått og teken imot og helsa med heiarop. Lat meg få meir av den gleda som held seg, som tåler både medgang og motgang. Som kan halde seg også gjennom heile denne dagen, same kva som møter meg der.

Gi meg i det minste å møte mine medmenneske med eit ope sinn. Sjå dei litt meir med ditt blikk. Forstå litt meir av den kjærleiken som gjorde at Gud skapte alle, Jesus døde for alle og du vil at alle skal bli nye innanifrå.

Guds Heilage Ande, ver meg nær i dag. Amen.

Skriv e-post til Geir Gundersen her.

* * * * * * * * * * * * * * * * * * * * * * * * * * * * * * * * * * * * *

Vi hører ”Kom, Heilag Ande, himmeltrøyst” med Bodø domkor.

Høyr andakten 1. juni.

 

Skog