Hopp til innhold

God mat

Det fins ord i himmelen, ord frå Gud som er meint berre for deg. Det er ord som skal nære din forstand og ditt hjarte, seier Geir Gundersen.

Geir Gundersen
Foto: Privat.

Teksten er henta frå Esekiel 3,1-4.

God morgon!

Kjære tilhøyrar, eg veit bestemt at eg vil byrje denne andakta med å lese eit dikt. Eg fann det i ei heilt fersk diktsamling av Torgeir Skjerven med følgjande tittel: Den stødige tilstundelsen av jubel i virkelig trist musikk. Diktet som fullt ut fortenar å lyde i ei andakt, har også ein tittel: Den lange veien hjem frå en skogstjerne. Her kjem det:

”Forstand som ikke lar seg nære av noe større er uten bevegelse for forstand. Det samme gjelder i særlig grad forstand som ikke lar seg nære av noe mindre.

Når forstand og det som nærer, sammenfaller i størrelse, reduseres forstand til et mål på forstand og raver i oppfyllelse.”

Så langt Torgeir Skjerven. Det anar oss at det kan gå alvorleg gale med den menneskelege forstanden om den ikkje får nære seg på forstandig vis.

Mannen Esekiel fekk ei heilt spesiell næring for sin forstand. Den gjorde han både til poet og profet. Slik lyder den første linja i hans bok:

”I det trettiande året, den femte dagen i den fjerde månaden, medan eg var mellom dei bortførte attmed Kelsarelva, hende det at himmelen opna seg og eg fekk sjå syner frå Gud”.

Han får sjå stormvèr frå nord og ei stor sky med logande eld.

Han får sjå fire skapningar som såg ut som menneske, men hadde fire andlet og fire venger. Han får sjå eit vedunderleg hjul som blir fylt med ånd.

Han får sjå ein tronstol og ein skapnad som eit menneske i stolen, med eld og strålande glans rundt seg.

Og no fell Esekiel på kne, og der blir han liggjande til røysta frå stolen bokstaveleg tala lyfter han opp, bles si ånd i han og gir han oppdraget for livet; å tale Guds ord til folket.

Men no skjer det noko som er enno meir underleg. Han får sjå ein bokrull og det som står på rullen var klagesongar, sukkar og verop. Og så seier Røysta:

”Menneske, et det du finn her! Et denne bokrullen! Gå så og tal til Israels ætt!”

Eg opna munnen, og han let meg eta bokrullen. ”Menneske”, sa han. ”Metta din mage og fyll dine innvollar med denne bokrullen som eg gjev deg”. Då åt eg, og rullen var søt som honning. Så sa Han til meg: ”Menneske, gå til Israels ætt og tal mine ord til dei!”

Kjære tilhøyrar! Det fins ord i himmelen, ord frå Gud som er meint berre for deg. Det er ord som skal nære din forstand og ditt hjarte og vise deg kvifor du er her og kva du vil gjere her.

Det kan vere ord i Bibelen eller ord i ditt indre, som blir dine, som blir mat for di sjel når du tek deg god tid til å ete dei langsamt, så du kan bli eitt med dei. Og finne smaken av ditt eige liv på jorda.

Skriv e-post til Geir Gundersen her.

* * * * * * * * * * * * * * * * * * * * * * * * * * * * * * * * * * *

Vi høyrer Sondre Bratland syngje Olav Mosdøl sin tekst, ”Brødet fra himmelen”.

Høyr andakten 7. februar.

Skog