Hopp til innhold

Først for deg

– Gratulerer med ein ny sommardag. Det er din dag. Du får den for ingenting. Ta imot den som ei gåve frå Han som elskar deg og lengtar etter kontakt med deg.

Maria Magdalena
Foto: NRK

Men denne dagen, 22. juli, er også minnedag for Maria Magdalena. I følgje tradisjonen var ho eit menneske som hadde lett for tårer. Difor regnar det ofte på hennar dag, heiter det. Men tradisjonen har meir å melde. Med sitt mjuke hjarte var Maria Magdalena sett så høgt at møya Maria baud henne sin eigen stol då ho døydde og kom til himmelen. Difor heiter denne dagen også Mari stol.

Det er ikkje underleg at Maria Magdalena er verdsett i tradisjonen. Ho har også ein heilt spesiell plass i Det Nye Testamente. I det eldste av dei fire evangelia, Markusevangeliet, blir ho i kap. 16 namngjeven saman med Maria, Jakobs mor og Salome – som ei av kvinnene som grytidleg gjekk til Jesu gav for å salve hans lekam med angande olje. Og i dagens ord frå det same kapitlet les vi:

”Då Jesus hadde stått opp att tidleg den første dagen i veka, synte han seg først for Maria Magdalena, som han hadde drive sju vonde ånder ut av. Ho gjekk av stad og fortalde det til dei som no sørgde og gret.”

Smak på dette ”først”. Først for Maria Magdalena som han hadde drive sju vonde ånder ut av. Først for ei namngjeven kvinne som hadde lidd mykje i ytterkanten av samfunnet og blitt sett fri i det personlige forholdet til Jesus. Først for Maria Magdalena, så ho kunne bli bodberar om Jesu siger over døden, så ho som hadde så mykje å gråte over kunne trøyste dei som no sørgde og gret.

Vi er ved kjerna i den kristne tru på denne dagen som både er din og Maria Magdalenas dag. Vi trur på Gud, vår skapar og far. Han som er usynleg for augene våre, som alltid er større enn våre tankar og førestellingar om han. Vi trur at alle menneske er hans kjærleiksbarn – men han søkjer alltid dei som er lengst nede først. Vi trur at Han kjenner våre namn og nemner oss på namn, kallar på kvar og ein av oss i djupet av vårt hjarte som tilhøyrer han.

Vi trur at Han lengtar inderleg etter vi skal svare han like personleg som han taler til oss. At du skal vise deg for Han, så Han får vise seg for deg. Først.

Skog