Hopp til innhold

FN-dag i kyrkja

Det er løfterikt for oss å vite at det ikkje er for seint å vende om. Det handlar om å vedkjenne oss til noko som er større enn vi kan fatte, seier Ragnhild Jepsen.

Ragnhild Jepsen
Foto: Helge Helgheim / NRK

I dag fylles Nidarosdomen med barn!

1000 barn frå ulike skular i Trondheim kjem til katedralen for å syne sitt engasjement for fred og menneskerettar på FN-dagen. Barna skal feire fredsgudsteneste.

Dei kjem for å synleggjere at barns stemme må høyrast i spørsmål som er avgjerande for framtida vår. Dei kjem for å syngje med trass og i håp om ei verd som må vende om frå utbytting og grådighet. – Dei skal syngje om ei verd som må vende seg til dei små og gje dei stemmelause stemme. Og dei kjem for å takke for menneske som bruker sitt liv og sine krefter til å kjempe for fred og ei betre verd.

Barns engasjement er verd å lytte til, for barn talar med hjartet. Dei er ærlege – både i sin redsel og sitt håp. Slike dagar gjev håp.

Håp om at det er nokon som tek tak i dei store spørsmåla som gjeld vår framtid. Håp om at menneskerettane ikkje vert bortstua og gløymt i ei kaotisk verd. Bibelteksten i dag handlar også om å sjå håp for framtida.

I Apostelgjerningane les vi: Då dei høyrde dette, stakk det dei i hjartet, og dei sa til Peter og dei andre apostlane: ”Kva skal vi gjera, brør?”

Peter svara: ”Vend om og lat dykk døypa i Jesu Kristi namn, kvar og ein av dykk, så de får tilgjeving for syndene , og de skal få Den heilage andens gåve. For lovnaden gjeld dykk og barna dykkar og alle som er langt borte, så mange som Herren vår Gud kallar på.”

Også med mange andre ord vitna han for dei og formana dei: ”Lat dykk frelsa frå denne rangsnudde ætta.” Dei som tok i mot bodskapen hans, vart døypte, og den dagen vart det lagt til om lag tre tusen menneske.

Det er løfterikt å høyre ei forteljing om menneske som får del i eit håp.

Dei som høyrde Peter tala, kjende seg uroa over å skulle halde fram med eit liv som førde dei til undergang. Han talte dei hjarto deira. Dei ynskte å gjere noko aktivt for å endre kurs.

Det er løfterikt for oss å vite at det ikkje er for seint å vende om. Tilbodet står ved lag også i dag. Det handlar om å vedkjenne oss til noko som er større enn vi kan fatte. Vi er inviterte til å synge i trass og med håp. Håpet er det ingen som kan ta frå oss – anten vi er barn eller vaksne!

Skriv e-post til Ragnhild Jepsen.

* * * * * * * * * * * * * * * * * * * * * * * * * * * * * * * * * * * * *

Vi høyrer Kristin Asbjørnsen og Høgsangerne med "Hamba nathi".

Andakt 24.10.08 ved Ragnhild Jepsen

Skog