Hopp til innhold

Fast grunn

Eg kan vere i strid med meg sjøl. Eg kan kome på avvegar frå min sanne natur. Eg kan la meg fange av illusjonar og uverkelegdom, seier Geir Gundersen.

Geir Gundersen
Foto: Privat.

Teksten er henta frå Titus 1,1-4.

God morgon!

”Vandring til sanningen” er tittelen på ei av bøkene til karmelittmunken Wilfred Stinissen. Dette er dei første setningane i boka:

”Jag är vägen, sanningen och livet”, säger Jesus. Gud är sanning. När Gud säger: ”Jag är den jag är”, uttryckar han sanningens innersta väsen.

Jag tror att den bästa andliga övningen består i att öva sig i sanning! När vi kommer i kontakt med sanningen, kommer vi i ovudvikligen i kontakt med Gud.

Ju sannare vi blir, desto mer närmar vi oss honom. Vad hindrar oss att vara sanna? Var och en måste se på sitt liv.”

Eg arbeider i Blå Kors, ein organisasjon som er til for å hjelpe menneske å kome ut av rusmisbruk eller å unngå å kome inn i det. I vårt fellesskap veit vi av erfaring at vi ikkje kan kome nokon veg utan kategoriane løgn og sanning.

Vi veit også at det høyrer til menneske si storheit at vi kan velje mellom løgn og sanning, illusjon og verkelegdom. Og vi veit at same livsens lov gjeld for terapeutar og pasientar. På tilfriskinga sin veg må vi øve oss i sanning, øve oss i å seie klart i frå om det vi ser og det vi kjenner, øve oss i å ta eit fullt ansvar for livet vårt.

Dagens tekstord er henta frå brevet som apostelen Paulus skriv til sin medarbeidar Titus. Høyr på denne brevopninga, korleis Paulus forstår seg sjøl og forankrar sitt leiaransvar:

”Frå Paulus, Guds tenar og Jesu Kristi apostel, som er sett til å føra Guds utvalde til tru og læra dei å kjenna den sanning som gjev gudsfrykt og von om evig liv. Det har Gud, han som ikkje kan lyga, gjeve lovnad om.”

Gud er sanning. Han kan ikkje vere i strid med seg sjøl. Han kan ikkje lyge. Han er seg sjøl fullt ut.

Eg kan lyge. Eg kan vere i strid med meg sjøl. Eg kan kome på avvegar frå min sanne natur. Eg kan la meg fange av illusjonar og uverkelegdom. Som Paulus og Titus.

Og difor treng eg kvar dag å vende om og halde meg nær til Røyndomen med stor R, til Gud med stor G, han som ikkje kan lyge. Om eg skal kome heim til meg sjøl og bli det mennesket Gud skapte meg til.

Den beste åndelege øving er å øve seg i sanning. Når vi kjem i kontakt med sanninga, ”kommer vi i ovudviklingen i kontakt med Gud”.

Skriv e-post til Geir Gundersen her.

* * * * * * * * * * * * * * * * * * * * * * * * * * * * * * * * * * *

Vi høyrer Ole Paus syngje ”Lær meg å kjenne dine veie”.

Høyr andakten 8. februar.

Skog