God morgon!
Ikkje eit ord om Jesus. I dagens tekst frå sjølvaste juleevangelisten Lukas står det ikkje eit ord om Jesus. Men for eit språk om menneskelivet, kor stort og alvorleg det er!
Orda er lagt i døyparen Johannes sin munn. I flokk og følgje drog folk til Johannes, står det – og ville at han skulle døypa dei. Mannen har ei dragande kraft på folket. Og han snakker dei ikkje etter munnen. ”Ormeyngel” seier han til dei. Kven har lært dykk korleis de skal røme unna livsens alvor? Kjem de til meg for religiøs underhaldning? Eg seier: tenk på livet de lever og ber frukt som svarer til omvendinga. Kva skal vi gjere? spør folket. På eit praktisk spørsmål får dei praktiske svar: ”Den som har to kjortlar, skal dela med den som ingen har, og den som har mat, skal gjere d et same.” Til nokre tollarar sa han: Krev ikkje meir enn de har rett til! Til søkande soldatar sa han: Truga ikkje pengar frå nokon med vald eller falske klagemål, men ver nøgde med løna dykkar.
Jordnær etisk undervisning. Og ikkje eitt ord om Jesus i vår tekst. Dei kjem like etterpå. ”Eg døyper dykk med vatn. Men det kjem ein som er sterkare enn meg. Han skal døype dykk med Heilag Ande og eld.”
Den elden syng bror Aage Samuelsen om i songen "Jeg sunket var". Dei likar å tale om Heilag Ande og eld, mine gode pinsevener. Og eg likar å tenkje at Aage visste kva han song om: Skal mennesket forandre seg, må det meir til enn moralske råd. Same kor gode dei er. Du kjem ikkje langt nok med å ta deg saman, du må bli teken og ført til stader du ikkje visste om. Det må Heilag Ande og eld til. Gud sjølv må ta tak i oss for at det vidunderlege skal skje.
Og vi – syndarar og fromme, vi får la det stå til, gje oss over igjen og igjen, lat det skje, Herre, lat det skje. Kom og tenn elden i meg du, din kjærleiks eld. Eg treng, ja eg er heilt avhengig av at den kaster sine varme, skapande stråler inn i kvar krok av livet mitt, særleg dei mørkaste. Eg syng med bror Åge, medan det skjer.
Geir Gundersen