Hopp til innhold

Eit guddommeleg liv

Eg likar å halde andakter i juli, seier vekas andaktshaldar i NRK P1, Geir Gundersen.

Geir Gundersen
Foto: L. P. Lorentzen

Det er sommartid i livet. Det er kvardagstid i kyrkjeåret. Det er tid for gode nyheiter til medmenneske som er vakne i andaktstid. I dag vil eg melde til alle mine lyttarar: eit guddommelig liv er innanfor rekkevidde. For deg. No. Eit guddommelig liv på jorda, korkje meir eller mindre, eit aktivt, praktisk kjærleiksliv, mottakande og givande, i ein vedvarande straum.

I dagens tekstord frå Johannesevangeliet kapittel 13 høyrer vi Jesus tale i ei kritisk stund. ”Då han hadde gått, sa Jesus” – og han er svikaren Judas, nettopp identifisert – då han hadde gått ut i natta, sa Jesus: No lyste Guds herligdom om Menneskesonen. Han veit at timen for den store prøva nærmar seg, han veit at han skal skiljast frå sine vener – dit eg går kan de ikkje koma – eit nytt bod gjev eg dykk: De skal elska kvarandre. Som eg har elska dykk, skal de elska kvarandre. På det skal alle skjøna at de er mine disiplar: at de har kjærleik til kvarandre.

Som eg, så du, så de. Det er lysande klart. Eit guddommeleg liv er innan rekkevidde. Same kor du er i livet ditt, same korleis du har stelt deg, same kva som har ramma deg, om du lever med vinden med eller mot deg, om du er oppe eller nede: OPNE DEG FOR KJÆRLEIKEN. For det er ditt val alltid, opne eller stenge for Han som elskar deg og som lengtar etter kontakt, etter å kommunisere, meddele seg i eit levande, verkeleg forhold.

Eg, Geir Gundersen, ser tilbake på korsvegar i livet mitt, eg kallar det stunder av nådig oppvakning. Då eg forstod at eg var i ferd med å late att døra for han. Ikkje i naken avvising (det hadde jo vore ei aktiv, modig handling), men ved å ta han for gitt.

Gong på gong vekte han meg opp så eg kunne oppdage at eg i sjølvopptattheit hadde late forholdet til Gud segle sin eigen sjø, at han var blitt for meg som ein neglisjert kjærleikspartnar – og at han sørgde djupt der eg var likesæl. Sjå han som har elska deg fram til liv, kjenn korleis han sørgjer over å ikkje få kontakt, nyt hans glede når du vender deg mot han, på nytt eller for første gong og tek imot det han brenn etter å gje.

Når kjærleiken veks, som ein personleg realitet mellom deg og Gud, så opnar det guddommelege livet seg, så blir det faktisk mogleg å leve kjærleiksfullt på jord. Som Jesus, så du.

Skog