Hopp til innhold

Ein stor kjærleik

I møte med Jesus blir ei djupare sanning avdekka: Kor likt vi står framfor Gud som skyldnarar. Og kor sterk tilgjevinga si kraft er – når den blir teken imot, seier Geir Gundersen.

Geir Gundersen
Foto: Privat.

Teksten er henta frå Lukas 7, 36-50.

God morgon!

I Blå Kors der eg arbeider, kjenner vi det på kroppen. At det ikkje finst eitt vonlaust tilfelle. At det aldri er for seint.

At det alltid finst opningar for eit nytt liv, betre liv, sannare liv. Og inst inne i denne røyndommen erfarer vi årsaka til den: Der SKULDA er stor, er NÅDEN endå større.

For eit privilegium det er å få leve og arbeide nær eit slikt sentrum.

Møt to av hovudpersonane i dagens bibelfortelling. Ein mann og ei kvinne. Mannen har eit namn, Simon, og eit kjenneteikn: farisear. Han høyrer altså til den respekterte religiøse eliten i Israel. Kvinna har berre eit dårleg rykte i følgje Lukasev. kap. 7: ”No var det ei kvinne der i byen som levde eit syndefullt liv.”

Simon og kvinna møtest i Simons hus, og grunnen er den tredje hovudpersonen i fortellinga: Jesus. Farisearen Simon har bedt Jesus heim til seg, eit teikn på vørdnad og interesse. Kvinna med det dårlege ryktet har høyrt at Jesus er på besøk hos Simon. Høyr no: ”(Ho) vart ståande bak han nede ved føtene og gret. Så tok ho til å væte føtene hans med tårene sine og turka dei med håret sitt – og ho kyste dei og smurde dei med salve.”

Simon har sett det same som vi har høyrt. Han har fanga opp den uhøyrde intimiteten i kvinna sine handlingar. Og no får vi tilgjenge til det han ikkje vågar å seie høgt, men tenkjer med seg: ”Var denne mannen ein profet, visste han kva slag kvinne det er som tek i han, at ho lever eit syndefullt liv.”

Simon skulle kome til å forstå at Jesus var meir enn ein profet. ”Simon,” seier Jesus, ”eg har noko å seia deg.” ”Tala, meister,” svarar Simon. Jesus seier: ”To menn stod i skuld til ein som lånte ut pengar. Den eine var skuldig fem hundre denarar, den andre femti. Men då dei ikkje hadde noko å betala med, ettergav han dei begge skulda. Kven av dei vil halda mest av han?” ”Den han ettergav mest, tenkjer eg,” svara Simon. ”Du har rett,” sa Jesus. Så vender han seg mot kvinna. Han ser på henna medan han talar til Simon: ”Ser du denne kvinna?

Eg kom inn i ditt hus; du gav meg ikkje vatn til føtene mine, men ho vætte dei med tårer og turka dei med håret sitt. Du helsa meg ikkje velkomen med eit kyss, men ho har ikkje halde opp med å kysse føtene mine heilt frå eg kom inn. Du salva ikkje hovudet mitt med olje, men ho smurde føtene mine med den dyraste salve.

Difor seier eg deg: Dei mange syndene hennar er tilgjevne, difor er det ho syner så stor kjærleik. Men den som får lite tilgjeve, elskar lite.”

Kjære tilhøyrar. Merk kor nøktern og konkret Jesus talar. Inga nedrakking på farisearen Simon. Inga romantisering av kvinna sitt liv. Ingen av dei moderne klisjeane vår eiga tid er så fylt av. Jesus kjenner vel skilnaden på livet til dei to menneska.

Men i møte med Jesus blir ei djupare sanning avdekka: Kor likt dei står framfor Gud som skyldnarar. Og kor sterk Tilgjevinga si kraft er – når den blir teken imot.

Kyrie eleison. Miskunne deg over meg, Herre. Så eg skundar meg til din famn. Og let dei renne fritt. Tårene over mitt liv.

Skriv e-post til Geir Gundersen her.

* * * * * * * * * * * * * * * * * * * * * * * * * * * * * * * * * * * * * *

Vi høyrer "Kyrie eleison" med Lutherska Misionskyrkans Kör.

Høyr andakten 31. oktober 2007.

 

Skog