Hopp til innhold

Døm ikkje

Det handlar om å vera audmjuk i møte med andre menneske og deira feil. Dei fleste av oss er smerteleg klare over at vi har våre svake sider, seier Vigdis Berland Øystese.

Vigdis Berland Øystese.
Foto: NLA (for NRK-andakten).

Teksten er henta frå Matt. 7, 1-5.

Kva meiner du om verdenssituasjonen, seier ein av personane i ein kjend karikaturteikning. -Eg veit ikkje. Eg har fått noko på auget, svarar den andre.

Det er vondt å ha rusk på auget! Forferdeleg vondt. Vi vil gjerne få det ut så fort som råd. Det er svært vanskeleg å ha perspektiv på noko så stort som verdenssituasjonen når det sit ein aldri så liten framandlekam i auget! Men dagens bibel-tekst frå Matteus-evangeliet antydar at dei fleste av oss jamvel går omkring med ein bjelke i auget utan å leggja merke til det ein gong!

Jesu bruk av bilete er eineståande. Dei er ikkje berre forklarande illustrasjonar, nei, dei er tydelege utsegner som provoserer og utfordrar og blir hugsa. Jesus brukar i teksten vi las, eit temmeleg grotesk bilete, og vi forstår fort at det er biletleg tala, sjølvsagt, det med bjelken. Det er ei litt komisk overdriving i det. Men poenget i det heile er ikkje mindre alvorleg av den grunn.

Det handlar om å vera audmjuk i møte med andre menneske og deira feil. Dei fleste av oss er smerteleg klare over at vi har våre svake sider. Difor kan det vera freistande å peika på ein annan og tabbane hans. Men når vi rettar peikefingeren mot andre, peikar fleire fingrar tilbake på oss sjølve.

Jesus ber oss ikkje om å sjå bort frå urett eller om å teia om overgrep og lovbrot. Han oppfordrar oss ikkje til slinger i valsen når det gjeld moral og livsvern. Han vil ikkje at vi skal lukka oss om oss sjølv og sjå bort frå dei andre. Men han minner oss om å vera milde når vi møter våre medmenneske, dei han kallar våre søsken, og han minner oss om å rydda i vårt eige hus før vi går i gang med å irettesetja vår bror.

Å ha ei flis i auget, kan ikkje vera godt. Det kan henda det er klokt og nyttig med litt hjelp når ho skal ut. Men eg vil tru det er endå meir arbeid og smerte med ein heil bjelke, ikkje minst når han skal laus. Så også her trengst det både ei hjelpande og ei lækjande hand. Tømmermannen Jesus frå Nasaret har rekt ut sine hender til oss som strevar med fliser og bjelkar!

Skriv til Vigdis Berland Øystese her.

* * * * * * * * * * * * * * * * * * * * * * * * * * * * * * * * * *

Vi høyrer Halvdan Sivertsen med "Prøv igjen".

Andakt 12.06.08 ved Vigdis Berland Øystese

Skog