Hopp til innhold

Den søte svevnen hos Gud

Svevnen blir brukt som bilete på døden. Det er ei vakker omskriving som skal formilda det grusame ved døden, fortel Vigdis Berland Øystese.

Vigdis Berland Øystese.
Foto: NLA (for NRK-andakten).

Teksten er henta frå Matt. 9,18-26.

Mor var død, og vi sat omkring henne og skulle ha sveipingsandakt. Vi mintest i takksemd det som hadde vore, og vi sørgde over det vi hadde mista. Mor var så glad i å syngja, og vi skulle også syngja der ved båra hennar; vakre salmar ved reise-slutt.

Ein av dei var Landstads salme ”Jeg vet meg en søvn i Jesu navn”. Men vi var nok uførebudde på den tekstversjonen som stod i songboka vi hadde for handa. I siste strofa song vi: ”Hun er ikke død, hun sover”. Det var ei sterk linje ved ei død mors leie.

Orda er henta frå det niande kapitlet i Matteus evangelium i Det nye testamentet. Synagogeforstandaren Jairus oppsøkte Jesus for å be han bli med han heim. Dottera hans var nettopp død, men viss berre Jesus ville leggja handa på henne, så skulle ho nok leva, meinte Jairus.

Folk hadde samla seg i huset for å sørgja. Der var både fløytespeling og ståk. Somme gret og jamra. Men når Jesus sender dei ut og seier at -jenta er ikkje død, ho berre søv, då ler dei! Jesus tok jenta i handa, Markus fortel at han seier: ”Vesle jente, eg seier deg: Stå opp!” Og den tolv år gamle jenta står opp og går omkring.

Svevnen blir brukt som bilete på døden. Vi synest kanskje det er ei vakker omskriving som skal formilda det grusame ved døden, endå vi veit at for mange er døden ei etterlengta kvile, slik det var for mor.

Men når Bibelen talar om døden som ein svevn, er det fordi han også forkynner at det kjem ein morgon då vi skal vakna. Jesus viste at han var dødens overmann. Han vekte opp døde fleire gonger. Og han stod sjølv opp frå grava tredje dagen. Men også vi skal stå opp og møta Gud.

Landstad skreiv salmen ”Jeg vet meg en søvn i Jesu navn” i ei tid då han sjølv opplevde mykje sorg og død i sin eigen nære familie. Han hadde nyleg mist to born i tyfus: Marie Sofie på 11 år og og Haakon på 8. Han skriv:

O Jesu, træd du min Dødsseng til, / Rek Haanden med Miskund over, Og sig: Denne Dreng, den Pigelil / Hun er ikke død, men sover! Og slip mig ei før, at op jeg staar, / I Levendes Land dig lover!

Vi veit at døden er det endelege punktum for jordelivet. Det er brutalt og vondt. Men Jesus brukar sjølv søvnen som bilete på døden. Og Bibelen talar om at vi ein dag skal vekkjast frå dødens søvn og kallast til møte med Jesus.

Den kristne kyrkja vedkjenner trua på oppstoda frå dei døde. I trua på orda om oppstoda, døydde mor; i den trua sat vi omkring senga hennar og song: ”Hun er ikke død, hun sover”. I den trua kan vi syngja med Landstad, og vi kan syngja med Blix:

Når eg i grav er gøymd og duld, for Kristi skuld eg skal ein morgon vakna.

Skriv til Vigdis Berland Øystese her.

* * * * * * * * * * * * * * * * * * * * * * * * * * * * * * * * * * *

Vi høyrer var Bodø Domkor syngje Blix-salmen ”No soli bakom blåe fjell”.

Andakt tirsdag 3/10.

Skog