Hopp til innhold

Dei gode retningslinene

Det kan vera nyttig å ha reglar for det praktiske livet. Særleg viss desse reglane skaper glede og tryggleik mellom oss, seier Vigdis Berland Øystese.

Vigdis Berland Øystese.
Foto: NLA (for NRK-andakten).

Teksten er henta frå 1. Kor. 10, 23-33.

Då eg vaks opp, var det mange lover og reglar som galdt for kva ein kunne og ikkje kunne vera med på. Om ein dreiv med slike ting, var eit kriterium for å skilja dei kristelege frå dei ikkje-kristelege.

Du skulle ikkje dansa og spela kort, og sjølvsagt ikkje banna og drikka. Ikkje strikka eller fiska på ein sundag. Kino var skumle saker, likeins teater. Det fanst jamvel somme som meinte at det var synd å plystra. Det vart lagt band på mange samvit, og skapt stor avstand mellom menneske.

Somme tykte ikkje dei kunne nærma seg korkje kyrkje eller bedehus fordi dei ikkje hadde levd heilt etter alle desse oppskriftene for rett og gale. Andre tok sterk avstand og bar heile livet nag til det dei opplevde som kristeleg hykleri.

Paulus sine ord i 1 Kor. 10 er overmåte kloke. Han talar til kyrkjelyden i Korint som lurer på kva som er urein mat og kva som er godt. Han seier mellom anna:

”Alt har eg lov til, men ikkje alt tener til det gode. Alt har eg lov til, men ikkje alt byggjer opp. Ingen må søkja sitt eige beste, men det som er best for den andre. Alt som blir selt på torget, kan de eta med godt samvit utan å spørja om det er offerkjøt. For jorda og alt det som fyller henne, høyrer Herren til.... Eg søkjer ikkje mitt eige beste, men det som er best for andre, så dei kan bli frelste. Etterlikna meg slik eg etterliknar Kristus!”

Det kan vel vera nyttig innimellom å ha reglar for det praktiske livet. Særleg viss desse reglane skaper glede og tryggleik og fremmar fellesskapet mellom menneska. Paulus oppfordrar oss til å tenkja på kva som er godt og byggjer opp, og kva som er best for andre.

Somme hensyn er overordna andre. For Paulus er det viktigaste av alt at han ikkje skremmer nokon bort frå Kristus. ”Eg søkjer ikkje mitt eige beste, men det som er best for andre, så dei kan bli frelste”, skriv han i brevet til korintarane.

Det er sårt å tenkja på at vi med våre synlege og usynlege krav og reglement har skremt nokon bort frå Gud. Jamvel om vi forstår grunnen til somme av desse reglane, og nokre av dei jamvel kan vera fornuftige i si tid, ser vi at slike bod oftast byggjer på frykt og ikkje på kjærleik. I iveren etter å unngå alt som er farleg og vondt, gløymer ein menneska.

Vi skal gjerne ha rammer for våre eigne liv, men vi skal ikkje leggja desse rammene som stengsler om andre sitt samvit. Vi skal heller ikkje la nokon stilla andre krav til samvitet vårt enn dei Gud stiller. Vi kan gjerne gi oss sjølve vide fullmakter og stor fridom, men ikkje slik at vi riv ned det Gud har gjort godt!

Paulus har gitt oss ein smart, men også krevande test på kva god livsførsle er: ”Alt har eg lov til, men ikkje alt tener til det gode. Alt har eg lov til, men ikkje alt byggjer opp.”

Skriv til Vigdis Berland Øystese her.

* * * * * * * * * * * * * * * * * * * * * * * * * * * * * * * * * * *

Vi høyrer ”Han tek ikkje glansen av livet”, sunget av Espen Samuelsen.

Andakt fredag 6/10.

 

 

Skog