NRK Meny
Normal

Bibelen inneheld mange songar

Neste år får vi truleg ny salmebok for Den norske kyrkja. Det viser seg ofte at salmar engasjerer mange menneske, seier Vigdis Berland Øystese

Ormen lange åpnes på Aker stadion
Foto: Gunnar Sandvik/NRK

Salmebok

Salmar engasjerer mange!

Foto: Keilen, Berit / Keilen, Berit

Neste år får vi truleg ny salmebok for Den norske kyrkja. Forslaget til salmebok er sendt ut på høyring over heile landet. Somme er lykkelege og glade for utkastet, andre er mellomfornøgde, medan nokre er beint fram forarga. Det viser seg ofte at salmar engasjerer mange menneske.


Bibelen inneheld mange songar, dei fleste av dei er samla i ei eiga salmebok i Det gamle testamentet. Dei eldste tekstane er fleire tusen år gamle. Jesus song og siterte salmar då han levde på jorda, det fortel evangelia. Og framleis vert dei gamle orda sungne både av jødar og kristne.


Når orda i dei bibelske salmane framleis kan røra ved menneske og låna ord til song og bøn, er det fordi dei på mange måtar er tidlause. Dei gir rom til tru og tvil, til sorg og klage, men også til glede og jubel. Dei gir formaning og trøyst. Dei handlar om mennesket slik det er på godt og vondt, og dei handlar om ein evig Gud som har skapt alt, og held alt ved lag.


Somme av salmane kan vera i overkant tillitsfulle, synest vi. Dei målber ei tru på Gud som nesten verkar naiv. Gud hjelper oss! Syng dei. Han bergar oss frå allslags prøvingar, han held oss oppe og velsignar oss og gir oss lykke og gode dagar. Det har vore forkynt også, at slik er det! Det er berre å tru på Gud, så ordnar han opp, og du treng ikkje bekymra deg for noko som helst. Viss det ikkje går så bra, så kan det vera noko gale med trua di, vert det sagt.


Men Bibelen er full av vitnemål om menneske som opplevde smerte og liding, ja, martyrdøden, trass i at dei hadde ei levande tru på Gud. Jamvel Jesus måtte lida og døy!


Så står dei der, jamsides, lovnadene om Guds frelse og forteljingane om smerte og gru. Og begge er gyldige for menneskelivet og for Gudsriket. Guds lovnader fortel om ein Gud som bryr seg, og som hjelper sine gjennom prøvingar og gir dei del i noko som er større og meir varig, enn dei trengslene som møter.


Vi les frå Salme 91:


9 For du seier: «Herren er mi livd.»
Den Høgste har du gjort til din bustad.

10 Inkje vondt skal koma over deg
og inga plage nå ditt telt.

11 For han skal gje sine englar påbod
at dei skal verna deg på alle dine vegar.

12 Dei skal bera deg på hendene,
så du ikkje støyter foten på nokon stein.

13 På løve og orm skal du trakka,
ungløve og orm skal du trø under fot.

14 «Eg bergar han, for han held seg til meg;
eg gjev han livd, for han kjenner mitt namn.

15 Når han kallar på meg, svarar eg;
eg er med han i naud og trengsle,
eg friar han ut og gjev han ære.

16 Eg mettar han med mange dagar
og lèt han sjå mi frelse.»