Hopp til innhold

Apostelen Johannes´ dag

Det er ein mann som var nær Jesus i den tida Jesus vandra på jorda og etter han var fare opp til himmelen, - nemleg Johannes, fortel Ragnhild Jepsen.

Ragnhild Jepsen.
Foto: Helge helgheim / NRK

Teksten er henta frå Joh. 21, 24-25.

Apostelen Johannes´ dag - Gledeleg jul!

Dei mørke, langsame dagene i romjula gjev rom til å vere saman. I juledagane kjem vi så nær menneska som Bibelen fortel om. No har vi nokre dagar vore nær dei tre i stallen; Maria, Josef, barnet. Vi har også fått del i underet; i kulden først og så i lyset og varmen.

Ja, det er nesten så vi har vore nær dei andre der i stallen også; både menneske og dyr. Dette er jul. at vi kjem Gud nær. At Han kjem oss nær.

Det er ein mann vi høyrer om i bibelen som gjennom eit langt liv var nær Jesus; i den tida Jesus vandra på jorda og etter han var fare opp til himmelen.

Han var Jesus sin næraste ven og medvandrar: Han heitte Johannes. Som ung mann reiste han seg frå fiskebåten han sat i og fylgde mannen som kalla han.

Han berre visste det, - han måtte gå med Jesus. Så gjekk han med. Og vandringa leidde han gjennom under og hyllingsrop til fornedring og den djupaste fortviling: Johannes stod ved korset saman med Maria då Jesus døydde. Men midt i tårene og fortvilinga fekk Johannes ei ny oppgåve: Å bringe Jesu kjærleik ut i verda. Den kjærleiken skjøna han fullt ut då han som den fyrste nådde fram til den tome grava på påskedag.

Tenk på alt Johannes hadde sett saman med Jesus! Tenk på alt han hadde høyrt av Jesus! Tenk på alt han visste etter åra saman med han som hadde vist han alt.

Alt han visste skreiv han ned og formidla det vidare. Djup sanning. Visdom. Det er den disippelen som vitnar om alt dette, og det er han som har skrive dette. Og vi veit at vitneutsegna hans er sann.

Det er óg mykje anna som Jesus har gjort. Skulle det skrivast opp, kvar ting for seg, trur eg ikkje heile verda kunne romma dei bøkene som då måtte skrivast.

Etter tradisjonen var Johannes den einaste av Jesu tolv disiplar som ikkje leid martyrdøden. Han døydde som ein gamal mann på den greske øya Patmos. Der hadde han brukt tida til å vere nær Gud i bøn. Der skreiv han ned sin visdom. Den gamle mannen som var så nær Gud gav oss vidare alt han visste. Til slutt gav han oss berre to ord. To ord som sa alt:

Dette er Guds vilje med oss: Elsk kvarandre!

Skriv e-post til Ragnhild Jepsen.

* * * * * * * * * * * * * * * * * * * * * * * * * * * * * * * * * * *

Vi høyrer SKRUK syngje ”Guds son er komen til oss ned”.

Høyr andakten 27/12.

 

Skog