Det er vel knapt nokon bygning i Norge som har så tjukke murar som Nidarosdomen! Og det er få bygningar som har opplevd så mykje; sett så mykje; teke i mot så mykje. Historia sit i veggane. Det er lag på lag av levd liv. Å kome inn i den mektige katedralen er å kjenne seg sett inn i ein samanheng som er større enn vi nesten kan fatte. Men å kome inn i katedralen er også å bli teke i mot som den ein er. Med våre bører, med vår glede, med vår sorg, med våre spørsmål og med vår lengt.
Ein gong møtte eg ei kvinne som aldri hadde tort å gå inn i det mektige huset. Ho trudde ho var for liten. - At livet hennes var så verdilaust at det ikkje var plass til henne der. Men så vart vi samde om ein god grunn til å gå inn.
For rommet gjev verdighet! Det var det ho trengte. Og det vart ho møtt med.
Sidan har ho kome attende mange gonger!
Over inngangsdøra til Nidarosdomen står det skrive med snirkla bokstavar: Her er Herrens hus. Her er Herrens port. Det er ei programerklæring over kva kyrkjehusa våre er, uansett kor i landet dei er: Å nærme seg gudshuset er å nærme seg Gud! - Og så bli møtt av nåde, tilgjeving, trøyst. Å få verdighet!
Og om du ikkje fysisk har mulighet til å gå inn i eit kyrkjerom, - Gud møter deg der du er!
Bibelteksten for denne måndagen er frå Salmenes Bok, Salme 118:
Herren er mi kraft og min styrke,
han har vorte mi berging.
Her er Herrens port.
Gjennom den går dei rettferdige inn.
Eg takkar deg fordi du svara meg,
fordi du vart mi berging.
Den steinen bygningsmennene vraka,
har vorte hjørnestein.
Å nærme seg Gud er å risikere å bli møtt med verdighet! For det var det han gav; han som vart hjørnestein og bindeledd mellom oss og Gud; Jesus Kristus. Han er det som gjennom sitt liv og gjerning viste oss nåde, tilgav, trøysta. Til han kan vi alltid kome, uansett kor tjukke murane måtte synast.
Eg synes du skulle tore å gå inn!