Hopp til innhold

Å leve som pilegrim

Pilegrimane får hjelp til å sjå at menneskelivet er omgjeve av total omsorg: Vi skal ikkje ha fokus på å bekymre oss over det vi trur vi treng, seier Ragnhild Jepsen.

Ragnhild Jepsen.
Foto: Helge helgheim / NRK

Teksten er henta frå Salme 27, 1-6.

Når pilegrimane kjem til Vadstena i Midt Sverige, der den heilage Birgitta er gravlagd, blir dei møtt med varme, enkelhet og tillit. Lyttande menneske. Mat og ei enkel seng..

Og hjelp til å reflektere over den vegen ein har vandra for å kome dit.

Pilegrimar som når målet sitt, løfter av seg ei bør. Men har ein nådd eit mål, er det gjerne ein attendeveg ein må leggje ut på. Det er noko ein skal kome heim til. Og korleis kan ein best leggje ut på den vegen?

I Vadstena har dei nokre ord som kan hjelpe på vegen. Pilegrimane skal velje seg eitt av dei – det som utfordrar; det ein kjenner seg att i. Ord som gjer at ein seier: ”Ja, dette er smertepunktet i mitt liv.” Eller: ”Dette er det eg lengtar etter.”

Orda kan vere ”medmenneske”, ”relasjon”, ”Gud”, ”meg sjølv”.

Det viser seg at det er eitt ord som oftare blir vald enn andre. Det er ordet ”bekymmerlöshet”. Tenk å vere fri for bekymring! Tenk å kunne sleppe frå seg tankane på alt ein ikkje får gjort, alt som kan gå gale; bekymring for barna våre, foreldre; alle ein skulle gjort noko for, eller kanskje det at ein ikkje har nokon å gjere noko for; bekymringar for det ein har og det ein ikkje har; - store bekymringar og små bekymringar. Vi veit det sjølv, kva for bekymringar som tek plass i våre liv.

Og eg tenkjer, det må vere noko med vår tid, vår måte å leve på, som gjer at bekymringane til tider er det som styrer livet vårt. Som hindrar oss i å leve i den tilliten til Gud vi var meint å leve i. Som vi er skapt til å leve i.

Pilegrimane får hjelp til å sjå at menneskelivet er omgjeve av total omsorg: Vi skal ikkje ha fokus på å bekymre oss over det vi trur vi treng. Vi skal tru på Han som seier: Ver ikkje bekymra. Eg er med deg.

Så blir vi utfordra til å leggje det frå oss, i tillit til at Gud sørgjer for oss, slik han har sagt.

Eg ville nok også ha vald meg ordet ”bekymmerlöshet”. Og eg treng å høyre ord frå bibelen som kan oppmuntre meg. Ord som kan høyrast i fullstendig tillit, men også i trass, når bekymringane, også rettmessig, gjer krav på plass i livet vårt

 

Skriv e-post til Ragnhild Jepsen.

* * * * * * * * * * * * * * * * * * * * * * * * * * * * * * * * * * * * *

Vi høyrer The Real Group syngje den svenske salmen ”En vänlig grönskas rika dräkt”, også kjent som ”Sommarpsalm”.

Høyr andakten 24/5.

Skog