Hopp til innhold

Å leve og døy med Jesus

Mange av oss ynskjer evig liv, men slett ikkje alle er uredde for den føregåande døden, meiner Geir Gundersen.

Jesus
Foto: Wenche Lamo Hadland / NRK

God morgon!

Det er god grunn til å tenkje over saka. At så mange av oss ønskjer seg så sterkt evig liv, men er så redde for døden som porten inn til det. ”Heile verda surrar av ord som identitet, identitetstap, personlegdom, sjølvrealisering”, seier karmelittmunken Wilfred Stinissen. ”Over alt klagar menneska over at dei har mist sin identitet. Så må dei leite etter ein ny. Vi vil vere ein personlegdom. Vi vil vere oss sjølve.”

Kor annleis talar ikkje Jesus i dagens tekst frå Johannesevangeliet kap. 12. Nokre grekarar har reist den lange vegen til Jerusalem for å tilbe på høgtida, står det. Men enno meir: Dei vil sjå Jesus. Dei vil møte denne personen som det går slikt gjetord om. Disiplane frydar seg. Filip og Andreas fortel det til Jesus – og Jesus stadfester at no er timen komen då Menneskesonen skal herleggjerast.

Men så Jesu ord: ”Sanneleg, sanneleg det seier eg dykk: Fell ikkje kveitekornet i jorda og døyr, er og vert det berre eit korn. Men døyr det, gjev det stor grøde. Den som elskar livet sitt, misser det, men den som hatar livet sitt i denne verda, skal berga det og få evig liv. Om nokon vil tena meg, må han fylgja meg – og der eg er, skal tenaren min og vera.

Å, Gud. Du kjenner meg. Du veit at eg elskar livet slik eg fekk det. Eg har lært deg av deg. Å seie ja til det som er, å takke for det som er, å fryde meg over det, alle ingrediensane i livet mitt, kjærleiksrelasjonane eg får leve i, arbeidet eg får ha. Arbeidet ja, berre du veit kor glad eg er for at eg framleis kan arbeide.

Men eg veit og at eg er på veg mot døden. Eg har foreldre som har lært meg kva det vil sei å døy, mor Ester og far Harry. Eg har sett dei gå sine steg mot slutten, med alle slags kjensler, men og så korleis dei til slutt fekk gje seg over, la seg falle, misse seg sjølv i noko som var ein del av dette livet, men større enn det. Det var den siste gåva dei ga til alle dei var glade i.

Så no tek eg imot Jesu ord som ein invitasjon til å ta eitt steg til i kjærleikens skule. Medan eg enno lever. Slik eg kjenner det, treng eg ei stund til å øve meg. Det kjem ikkje heilt av seg sjøl. Eg som så gjerne vil stå stødt, lær meg å falle. Lær meg å gje meg over, medan eg lever, til deg, til alt og alle du sender i min veg. Leve med deg, Jesus – og døy med deg. Bli ein del av den grøden eg ikkje anar nokon ting om.

Skog