Hopp til innhold

Vi er eit korttenkt samfunn

Kva som hendte i heimbygda mi då biblioteket vart lagd ned syner at våre val får konsekvensar vi ikkje klarer å føresjå.

Utenfor biblioteket i Mandal

Nedlegging av bibliotekfilialar er eit konkret og aktuelt døme som fortener spalteplass fordi det er urimeleg korttenkt og truleg ikkje mindre enn ei skandaløs feilvurdering, skriv kronikkforfattaren.

Foto: Scanpix / SCANPIX

Dette er tredje og siste kronikk i ein serie med langlesing på NRK Ytring. Les første kronikk Det kortsiktige landbruket, og andre kronikk Bygga som står evig.

Det er fleire år sida eg byrja og tenkje tankane om heilskap. Det byrja med eit foredrag av Arne Næss om økosofien og filosofen Baruch Spinoza sine tankar om den skapande krafta i naturen. Natureringa.

Det var starten på eit langt og inderleg studie om korleis altet heng saman i ein økologisk og levande balanse, og var tankar som gav gjenklang og verka så uendeleg sanne og allmenngyldige. Ikkje minst var det tankegods som aldri stogga å mogne og som gav meg ei underleg glede ved å sjå på ting.

Det rustar oss til å gjere val basert på naturvisdommen.

Sveinung Nesheim

Det som er interessant er at det same tankegodset kan integrerast i kvardagen på fleire vis. Heilskapstankegangen kan knytast til kulturen og samfunnet ved at vi er medvitne om det og lar det mogne i oss. Det rustar oss til å gjere val basert på naturvisdommen. Altså ved å ta tilstrekkeleg omsyn til ringverknadar, og ved å freiste og sjå noko av meirverdien til kvar del i eit større heile.

Noko uendeleg vakkert

Heilskap seier ganske enkelt at summen av det heile er meir enn summen av delane. Knytt til biologi tyder det til dømes at alt liv har ein verdi utover eigenverdien, og at denne først vert utløyst når livet fungerer i sin økologiske samanheng. Det er noko uendeleg vakkert i det, men det seier også noko om kor sårbare økologiske system er.

Eit økologisk system er avhengig av alle delane for å vere i balanse, og i balansen oppstår den langsiktige skapande krafta; eller meirverdien om ein vil. Av same grunn er det også slik at vi ikkje kan ta ut ein brysam del, eller tilføre mengder av ein annan, og forvente at systemet framleis fungerer. Det er økosofien i eit nøtteskal. Det er sjølve naturvisdomen, og er forskjellig frå kortsiktige verdiar og fokus i samfunnet i dag.

Eit økologisk system er avhengig av alle delane for å vere i balanse, og i balansen oppstår den langsiktige skapande krafta.

Sveinung Nesheim

Mennesket har blitt i stand til å innverke på livsformer og levegrunnlag overalt i naturen, og det vert stadig fleire dømer på destruktive og overdrivne inngrep som skaper ubalanse og uoppretteleg skade i flora, fauna og klima. Vi tek ikkje omsyn til heilskapen når vi fiskar over kvotane, bruker meir energi enn vi strengt tatt klarer å generere, og når produksjonen av ting er mangedobla konsumpsjonen. Då har vi ignorert kva balansen i altet faktisk har å bety for liva våre og verda.

Akkurat det er litt uheldig, for då vil vi gå på ein smell før eller seinare. Og om smellen dreiar seg om mindre saker i samfunnet, så er det jo mogleg å rette på feila, men om smellen handlar om irreversible klimatiske og biologiske forhold er det verre.

Ei skandaløs feilvurdering

Men heilskapstankegang treng ikkje handle om dei store forholda i verda, men den rommar eit nyttig potensial ved å vere ein rettleiar for mindre avgjersle vi tek i livet og elles i kultur og samfunn. Kanskje er eit døme på det motsette den beste måten å kaste lys over kva eg meiner.

Nedlegging av bibliotekfilialar er eit konkret og aktuelt døme som fortener spalteplass fordi det er urimeleg korttenkt og truleg ikkje mindre enn ei skandaløs feilvurdering. For no om dagen sparar kommunar pengar ved å legge ned bibliotekfilialar. Mykje kan seiast om det og kvar kommune har sine grunnar, men stort sett er argumentet at tilbodet kan sentraliserast og kommunekroner sparast. I budsjettforslaget er det eit freistande tiltak, men kva skjer i praksis?

Det vert stadig fleire dømer på destruktive og overdrivne inngrep som skaper ubalanse og uoppretteleg skade i flora, fauna og klima

Sveinung Nesheim

La meg syne erfaring frå mi eiga heimbygd. For tidlegare var det ein liten bibliotekfilial der. Filialen var open to kveldar i veka, i tillegg til at filialen fungerte som skulebibliotek. Men filialen var ikkje berre eit bibliotek. Biblioteket var ein møtestad for unge og eldre. Unge trefte noko i kvarandre der og fekk tilgang på bøker som ikkje kosta anna enn ein sykkeltur. Og for dei som ikkje lengre hadde arbeidskollegaer å samtale med i dagen, var biblioteket akkurat det ein trong for å halde kontakten med folk. Eit enkelt og allsidig tilbod som famnar så mykje meir enn framstillinga i ein budsjettpost.

Byrja å bli komisk

For å sjå det korttenkte i dette treng ein ikkje å argumentere med den opplagde verdien biblioteket representerer ved å vere eit lågterskeltilbod ope for alle, og ein treng ikkje å slå fast at biblioteka er ein frøbank for kultivering av samfunnet. Det held å vise til følgjene nedlegginga av filialen hadde for bygda og kommunen eg kjem frå, for disse skil seg nok ikkje stort frå andre kommunar.

Filialen var ikkje berre eit bibliotek. Den var ein møtestad for unge og eldre.

Sveinung Nesheim

Ei tid etter at filialen var nedlagd melde det seg behov for eit tilbod til dei eldre i bygda. Og då byrjar det å bli komisk, for igjen ser ein isolert på verkemidla og lagar aktivitetstilbod til dei eldre i regi av kommunen. Men det passar ikkje dei unge som også treng eit tilbod, og så vert det oppretta nye tiltak for den gruppa. Og kostnaden med tiltaka, i tillegg til å drifte bibliotektilbod for skulen, oversteig truleg kva det kosta å drive bibliotekfilialen.

Følg debatten: NRKDebatt på Facebook

Utover dette kjem meirverdien biblioteket hadde for lokalmiljøet, og den er vanskelegare å talfeste. I slike saker lyt ein ta seg bryet med å tenkje vidt og djupt, elles kan ein ende opp med forflating av samfunnet, og det kan få større konsekvensar enn ein ser ved fyrste augekast.

Iveren etter å sentralisere

På mange område i samfunnet betyr heilskapleg tankegang å ikkje sjå seg blind på isolerte budsjett eller ressursar. Det er ikkje alltid ei like lett øving ettersom det kan vere forskjellig eigarskap og interesser. Ofte er iveren etter å sentralisere og effektivisere årsaka til ubalanse i samfunnsøkologien og dermed reduksjon av samfunnsnyttige verdiar.

På mange område betyr heilskapleg tankegong å ikkje sjå seg blind på isolerte budsjett eller ressursar.

Sveinung Nesheim

Eksistensen av til dømes eit lokalt meieri kan på fleire vis lage tilstrekkelege føresetnadar for andre næringar i området. I eit anna tenkt tilfelle kan nedlegginga av eit lokalsjukehus vere det som gjer til at eit styre vel å ikkje legge den nye avdelinga til tettstaden, på grunn av forsikringsforhold for dei tilsette eller andre motiv i selskapets HMS-politikk. Og slik kan ein fortsette.

Viktigare enn nokon gong

Eg har alt skrive om ringverknader ved industrielt landbruk, der ein ikkje tek omsyn til utarming av matjord og øydelegg levegrunnlaget til villbier og artsmangfald, alt under påskot om at «verda treng meir mat – no!». Eg har òg vist kor trongsynt det er å måle miljøprestasjonar i hus ved å isolere energibehovet under drift som einaste faktor, utan å ta omsyn til kor lang levetid bygget faktisk har.

Slike mekanismar og samanhengar må få større merksemd i alle ledd i samfunnet. Vi har ikkje tid til å tenke kortsiktig slik verda er i dag. Men det føreset at vi let prinsippet om heilskapen ligge i medvitet og mogne, og at vi tek det i bruk steg for steg. Vi må la det bli ein vane og ta oss bryet med å tenkje heilskapleg.

Viktigare enn nokon gong

Å vise vilje til å undersøke ringverknadar og samtidig ta høgde for at det er konsekvensar ved våre val som vi kanskje ikkje klarer å føresjå, er viktigare enn nokon gong. Går vi tilbake til dei store forholda i verda ser vi at menneska sine inngrep når stadig djupare og vi røyrer ofte kompliserte samanhengar som er langsamt dynamiske og uføreseielege i sin natur.

Vi må la det bli ein vane og ta oss bryet med å tenkje heilskapleg.

Sveinung Nesheim

Klimatiske og biologiske system er tunge å få i balanse att om dei først kjem i utakt. I alle tilfelle meiner eg at noko av løysinga ganske enkelt er å finne i naturvisdommen, og naturvisdommen finn ein i undringa. Filosofi i barneskulen er kanskje det enklaste grepet ein kan gjere i så måte. Eg fekk erfare at filosofi er inngangen til all viten ved at den opnar for undring. Det er vesentlegare enn andre fag fordi ein først lyt finne vilja til å lære.

Tvungen læring er stresskapande og stress hindrar læring. Filosofien kan derimot opne for at ein i enkel og oppriktig undring stiller eit spørsmål, og det igjen opnar den første døra inn til heilskapen sitt univers.