Hopp til innhold
Kronikk

Det kortsiktige landbruket

Vi kan tyne mat ut av jorda i to generasjonar til, før vi må sparke småstein i 1000 år medan jorda kjem seg til hektene att.

15445338

'Industrialisering av landbruket har vore sett på som løysinga for å brødfø eit veksande folketal, men det kan vise seg å vere den same løysinga som trugar med å svelte oss i hel,' skriv Sveinung Nesheim i denne kronikkserien.

Foto: Frank May / NTB scanpix

Dette er første kronikk av tre i ein serie med langlesing på NRK Ytring.

Medan mennesket i tusenår har brukt jorda varsamt og med forståing for livet i den, misbruker vi i aukande grad jorda i takt med industrialisering av landbruket. Industrielle metodar utarmar jorda i eit tempo som er alt anna enn berekraftig.

Og sjølv om berekraft er eit tynnslitt ord, har det aldri vore meir aktuelt. Vi tek ikkje omsyn til kommande generasjonar når analysar av uforstyrra jordsmonn syner at intensiveringa av landbruket det siste århundret har hundredobla jorderosjonen1!

Industrialisering av landbruket har vore sett på som løysinga for å brødfø eit veksande folketal, men det kan vise seg å vere den same løysinga som trugar med å svelte oss i hel.

Utarming av jorda

FNs landbruksorganisasjon FAO melder at verda i snitt berre har 60 avlingar att før jordsmonn som blir drive industrielt er så utarma at det ikkje er brukande til å dyrke i. FN anslår vidare at vi treng 6 millionar hektar nytt jordbruksareal kvart år for å halde tritt med matbehovet i verda. Men i staden går dobbelt så mykje tapt på grunn av utarming av jorda.

Industrielle metodar utarmar jorda i eit tempo som er alt anna enn berekraftig.

Sveinung Nesheim

Sidan dette er det same industrielle jordbruket den norske regjeringa favoriserer, kan vi basert på FN sine tal gå ut ifrå at der det blir drive slik har vi to generasjonar med godt dyrkbar jord att. Når vi samtidig veit at det tek eitt tusen år å kultivere god matjord, så byrjar ein å fatte noko kortsiktig i strategien her.

Gløymd tilknytinga til naturen

For det tyder ganske enkelt at vi kan tyne mat ut av jorda i to generasjonar, før vi må gå og sparke småstein i 30 generasjonar medan jordsmonnet kjem seg til hektene att. Vi er altså litt i utakt reint tidsmessig her.

Vi har distansert oss frå tidsperspektivet naturen opererer med, og vi er ikkje lenger audmjuke overfor det faktum at mennesket høyrer saman i ein heilskap. Vi ser ut til å ha gløymt at mennesket står i solidarisk tilknyting til naturen, og at vi har eit ibuande ansvar for å verne om den. Imens bruker vi opp naturressursar tilsvarande halvannan planet i året2.

Det må ei bevisstgjering til der vi tek ansvar og byrjar å tenke langsiktig, og for å klare det må ein heve blikket og sjå framover i tid. Ei fin øving er å byrje med tap av jordsmonn, for det krev berre å sjå eit par generasjonar fram.

Sjølve urkunnskapen

Det siste året har eg begynt å lære om økologisk landbruk. Det kjennest litt som å få eit innblikk i sjølve urkunnskapen som samfunnet er tufta på. Om korleis det å drive og dyrke jord fungerer grunnleggande sett, og at kunnskap om det gir høve til å ta del i naturleg berekraftige prosessar utan å øydelegge balansen. Den økologiske landbrukaren fører nøye rekneskap over næringsstoff ein tilfører og hentar ut for å behalde eit naturleg næringsrikt jordsmonn.

Det er krevjande å drive økologisk. Ikkje fordi det er teknisk vanskeleg og krevjande å unngå erosjon og forringing av jordsmonnet, og heller ikkje fordi det krev så mykje kunnskap om kva ein skal plante frå år til år. Men det er krevjande fordi samfunnet og marknaden har forventningar om omsetning og profitt.

Vi har distansert oss frå tidsperspektivet naturen opererer med.

Sveinung Nesheim

Det er ikkje rom for langsmed, og ein blir ikkje høyrd om ein taler om langsiktigheit. Det er altså med landbruk som med stort sett alle andre område i samfunnet; det er kapitalistane som dikterar, og politikarane som føyer seg. Og sidan berekraft verkar å vere så lite lønsamt frå dag til dag, så handlar ein kortsiktig og fragmentert så lenge det gir omsetning.

Når ein etter eitt par generasjonar oppdagar at det ikkje er meir pengar å hente, vert det politikarane og allmugen si oppgåve å finne ei løysing. Men den løysinga er kanskje ikkje så enkel å finne, for vi tok oss ikkje tid til å forstå då vi hadde høve til det.

Industrielle bruk vert favorisert

Verda vil nok trenge former for konvensjonelt og industrielt landbruk, men det blir stadig fleire indikatorar som på forskjellig vis syner kor viktig økologisk landbruk er. Likevel vert store industrielle bruk favorisert. Kongstanken er som alltid å auke effektiviteten og fortenesta ved hjelp av store besetningar og industrielle metodar.

Det kjennes litt som å få eit innblikk i sjølve urkunnskapen som samfunnet er tufta på.

Sveinung Nesheim

Men i iveren etter meir og billigare oppstår uventa problem, samtidig som vilkåra for heilskapleg og langsiktig nyttiggjering av naturressursane blir oversett. For landbruk er så uendeleg mykje meir enn effektiv produksjon av nokre få utvalde varer.

Det handlar om å vareta kulturlandskapet, artsmangfaldet og villbiene, om variert vekselbruk og naturlege metodar for å styrke kulturvekstar og kontrollere skadedyr. Det handlar om kretsløpstankegong, og om å verne jord og skånsamt bruke denne. Først då vil vi halde i hevd ein uendeleg verdifull arv.

Blir ikkje tatt seriøst

Slik styresettet er i dag er det i praksis ingen politiske insentiv for å drive små økologiske gardar. Det er heller ingen forskingsinsentiv på å undersøke former for permakultur. Det blir liksom ikkje tatt seriøst. Og det er påfallande ettersom det eg skriv om her på inga måte kan vere ny kunnskap for fagfolka i departementet.

Det er ikkje rom for langsemd, og ein blir ikkje høyrd om ein taler om langsiktigheit

Sveinung Nesheim

Det bør heller ikkje vere noko overrasking at undersøkingar viser at jord i koloni- og kjøkkenhagar – dei små jordlappane i byar og tettstadar som folk dyrkar for hand – inneheld ein tredel meir organisk karbon og 25 prosent meir nitrogen enn industrielt drive landbruksjord. Hagebruksfolk produserer mellom fire og elleve gongar meir mat per hektar enn industrilandbruket.

Ein kan altså bidra godt med ein slik åkerlapp fordi ein driv på jorda sine premissar! Om fleire hadde bidratt med sine små jordlappar kunne det verkeleg monna!

Vi ramponerer jordsmonn

I Norge har vi dei siste åra mista 400 000 mål dyrkbar jord. Dette er til dømes område i Oppland og Hedmark der vi har vår beste matjord. Her ramponerer vi jordsmonn og dyrebare økosystem.

Hagebruksfolk produserer mellom fire og elleve gongar meir mat per hektar enn industrilandbruket.

Sveinung Nesheim

Det er så enkelt og greitt å bygge akkurat der. Det er flatt og fint og solrikt! Topp plassering for sentrumsutviding eller eit varehus. Eller kanskje ein fylkesveg.

Nyleg har politikarane gjeve tillating til at Ikea får bygge på Delijordet i Vestby. På ny pulveriserer vi store landområde og lar jordvern vere noko andre generasjonar får tenke på.

Vår orden som menneske

Tida er koma for å erkjenne at enkelte ressursar i praksis ikkje er fornybare i vår levetid fordi revitaliseringa er langsam. Mennesket er ikkje isolert frå naturen og heilskapen, og det er den som må diktere kor intenst vi kan bruke ressursane. Det kan gjerne høyrest ut som ein floskel, men vi må ta oss tid til å leve i pakt med naturen. Det er det som er vår orden som menneske.

Landbruk er så uendelig mykje meir enn effektiv produksjon av nokre få utvalde varer.

Sveinung Nesheim

Tempoet og blankpolerte verdiar i samfunnet er derimot oppkonstruerte og skiftande. Det er i stadig større grad tale om framtida vår og om irreversible biologiske og klimatiske konsekvensar. Vi har ikkje lenger tid til å skunde oss, og vi må ha mot til å redusere tempoet før det er for seint. Gode ting tek tid.

Under ruinane

Det positive er at vår generasjon kan gjere ein forskjell. Og det må vi arbeide for. Vi må arbeide utolmodig for å vinne tilbake langsemda, og vi må arbeide utolmodig for å verne jordsmonnet som er så uendeleg tynt og sårbart. Nokre kampar vil ein vinne, og andre tapar ein.

Og kanskje er det då like greitt at vi bygger varehus på vår beste matjord? For det vi bygger er jo også kortsiktig og vil vere til nedfalls om eit par generasjonar. Akkurat det kan passe fint med at vi har utarma jordsmonnet, for under ruinane kan vi få avdekka noko riktig fin matjord!

Les også: