Hopp til innhold
Kronikk

Bygga som står evig

Hastige og billige bumaskiner har alboga seg fram i landet. Levealderen til norske bygg må opp.

Bygårder på Torshov, Oslo

Varige bygg er miljøvenlege nettopp fordi dei er varige, skriv Sveinung Nesheim. Bilete frå Torshov i Oslo.

Foto: Lise Blekastad

Dette er andre kronikk av tre i ein serie med langlesing på NRK Ytring. Les første kronikk: Det kortsiktige landbruket.

I det første hundreåret skreiv den romerske arkitekten Vitruvius at arkitekturen skulle «foreine nytte og skjønnheit med det haldbare». Men er det framleis slik? Det vert stadig fleire døme på det motsette.

Det er mange ting som seier noko om langsiktigheit, enten vi finn eit fossil eller plantar eit tre. Men kva har aktivt forfekta langsiktigheit i samfunnet? Eg finn det naturleg å tenkje på arkitekturen.

Historisk sett har byggverket representert eit solid og stadig element i samfunnet, enten det er den representative arkitekturen si kvile og urokkelege balanse, eller tryggleik og ly hos den folkelege.

Samspel og kontrast

Løftar eg blikket frå arbeidsbordet, ser eg ein eldre bygard. Den er truleg bygd mot slutten av 1800-talet, i kortreist tegl frå eit av dei mange teglverka rundt Oslo. Lenger opp i vegen er det eit liknande bygg. Dei passar saman og er pent artikulert og innpassa med staden.

Historisk sett har byggverket representert eit solid og stadig element i samfunnet.

Sveinung Nesheim

Dei er to av mange bygardar i italiensk nyrenessanse her i byen, og har antikken sitt formspråk med pilaster og ornamentikk. Det er tidlause bygningar som har ein meirverdi på grunn av sitt handverk og orden, som det er naturleg å ville halde i hevd.

Om eg går ut og oppover vegen passerer eg fleire forsegjorte bygg. Det er velartikulerte funkishus og hus frå 50-talet og 80-talet. Forskjellige stilepoker av innpassa bygg i samspel og kontrast med kvarandre.

Billige bumaskiner

Heilt inntil eg eit stykke opp i vegen kjem til ei nybygd lågblokk. Den er på ingen måte innpassa, og står i konfliktfylt kontrast til omkringliggande bygg. Her er det verken gjort forsøk på stadstilpassing eller kvalitet i utforminga. Ein har hoppa bukk over skjønnheits-paragrafar og tvingar bygget på folk.

Dette er tidstypisk byggeskikk for lågblokker. Bygget er ikkje meint å vere varig eller for å passe inn i ein langsiktig samanheng. Det er hastige og billige bumaskiner. Sett saman av prefabrikkerte volum og med beslag for å dekke over dei mange overgangane.

Ein har hoppa bukk over skjønnheits-paragrafar og tvinger bygget på folk.

Sveinung Nesheim

Dette bygget har liten verdi som gjer det attraktivt å halde i hevd. Det er eit bygg som har alboga seg fram og som øydelegg samspelet som eksisterte her. Det er omsynslaust og simpelt og kortsiktig.

Billeg tydar dårlegare

Det er openbart få insentiv for å bygge langsiktig i samfunnet no om dagen. Naturlegvis vert det bygd tenksamt forma ut bygg i velvalde materialar og med dugeleg handverk no også, men dette høyrer til unnataka. Men kva er det som gjer at ein bygger så kortsiktig?

Rett nok riggar marknaden for kortsiktig gevinst, men er det andre mekanismar? Her kunne ein diskutert ei uendeleg rekkje forhold som prosessar i entrepriseformer, forsikringsforhold under bygging eller eigarskap til byggverket, men la meg fokusere på eitt par andre forhold: Byggteknisk forskrift vert stadig meir komplisert og bidreg til at bygging vert dyrare.

Bygget er ikkje meint å vere varig eller for å passe inn i ein langsiktig samanheng. Det er hastige og billige bumaskiner.

Sveinung Nesheim

Det er nødvendigvis ikkje feil, men det kan føre til at ein i større grad kuttar kostnad der ein kan, og tyner entreprenørar og arkitektar og andre tenesteytarar under byggherre. Og vert ein tvungen til å bygge billegare så bygger ein også dårlegare. I tillegg er det dei som hevar det er bustadmangel i Norge slik Forbrukarrådet har ytra dei siste dagane.

Gatenamna bestemm salsprisen

For byggherrar er det ein lønsam påstand som hausar opp bustadmarknaden. Akkurat det er eit bidreg i negativ retning om ein har mål om rimelegare bustadar til folket, skjønt det i realiteten er adressene og gatenamna som bestemm salsprisen. Byggherre på si side vil alltid sitte med ein pen gevinst når marknaden fungerer som i dag.

Kanskje er det naudsynt med insentiv frå styresmakta der ein ser på heilskapen og på korleis marknaden fungerer i praksis? Norge har i etterkrigstida hatt andre politiske verkemiddel som har regulert bustadmarknaden betre, og som samtidig har gjeve grunnlag for å bygge varig og langsiktig.

Lav innsats, høg forteneste

I dag bygger ein bustadblokker for tretti tusen kroner per kvadratmeter. Det er dei same bustadane som vert selde for seksti tusen kroner per kvadratmeter. Argumentet for marginen er at byggherre tidvis er ansvarleg for delar av infrastruktur eller andre teneste i samband med utbygginga og at innsatsen her et av marginen. Men dette er ein lav innsats samanlikna med fortenesta.

Vert ein tvungen til å bygge billegare så bygger ein også dårlegare.

Sveinung Nesheim

Eit raskt søk blant dei største byggherrane viser eit overskot på nærare 20 prosent. Til samanlikning avdekkjer eit søk blant entreprenørar og andre tenesteytarar eit overskot som ofte er på mindre enn eitt par prosent.

Noko av den uforholdsmessig store gevinsten delar av næringa sit med burde vert brukt til å bygge langsiktig og pent! Først når eitt bygg er velbygd og attraktivt å vedlikehalde på grunn av sin eigenverdi, sitt handverk og estetikk, er det ei lønnsam investering for samfunnet.

Miljøvenlege bygg er varige

Dessutan er lang levetid nært knytt til miljøprestasjonar: Varige bygg er miljøvenlege nettopp fordi dei er varige. Den innebygde energien ved byggearbeidet og materialproduksjonen blir lagra i bygga. Heilskapleg tenking er altfor ofte ei mangelvare når det kjem til miljøprestasjonar for bygg og byggenæring.

Eit raskt søk blant dei største byggherrane viser eit overskot på nærare 20 prosent.

Sveinung Nesheim

Her er det freistande å vise til eit døme frå min eigen arbeidsdag. For under synfaring ved bygging av eit nytt energieffektivt hus i massivtre, blir det påpeika at bygningskroppen er svært fuktig. Byggmeisteren svarer då med ein plan for tørking av bygningskroppen med kraftige byggtørkar.

Seinare på kontoret rekna vi ut at tørkeprosessen svarar til heile sju år med varmebehov for huset. Nok eit greitt eksempel på manglande forståing for heilskapen! Målet med nye energieffektive hus er jo å spare jorda for energiforbruk sett under eitt.

Ein brest i logikken

Krav til energiforbruk er i dag eit sentralt vilkår for prosjektering av nye bygg. Når bygget er sett i drift er energiforbruket lågt blant anna grunna krav til tettleik, isolasjon og elektronisk styring av varme og ventilasjon. Det er fornuftige tiltak i seg sjølv, men teknologisatsinga bidrar også til ein gedigen forbrukskarusell, og ein endar opp med stadig meir kompliserte og kostbare system som både er sårbare og ressurskrevjande å halde ved like.

Likevel konkluderer ein med at eit bygg har gode miljøprestasjonar fordi det teoretisk sett skal kunne bruke lite energi i dei åra det er i drift. Og her er det ein brest i logikken. Det er så opplagt at ein ikkje kan argumentere for at eit bygg har gode miljøprestasjonar før ein ser på heilskapen!

Byggenæringa er energikrevjande

Det faktiske energiforbruket knytt til bygget si levetid består i så mykje meir. Kva med byggemateriala sitt energikonsum og miljøslitasje ved utvinning og produksjon, og ved transport og montering? Kva med forskjellen mellom teoretisk berekna og faktisk forbruk? Det er trass alt feilbarlege folk som bur i husa!

Varige bygg er miljøvenlege nettopp fordi dei er varige.

Sveinung Nesheim

Byggenæringa bruker 40 prosent av energiforbruket i verda til aktivitetar knytt til bygging og produksjon av byggematerialar, og det er i beste fall underleg at norske styresmakter i praksis hoppar bukk over dette bidraget. At byggenæringa er så energikrevjande skulle tilseie at energiforbruk i livstidsperspektiv er det einaste fornuftige.

Dårlege grøne bortforklaringar

Det er her levetida til bygget er sentralt. Dess lengre eit bygg står, dess betre er føresetnadene for gode miljøprestasjonar. Energieffektive bygg slik brorparten blir bygde i dag er dårlege grøne bortforklaringar.

Skal vi lukkast med å bygge langsiktig, sunt og miljøriktig må vi ha fleire tankar i hovudet samtidig: Korleis kan ein redusere den faktiske miljøbelastninga gjennom bygget si levetid, og kva er ei fornuftig levetid? (For det er slett ikkje to generasjonar!)

Energieffektive bygg slik brorparten blir bygde i dag er dårlege grøne bortforklaringar.

Sveinung Nesheim

Korleis kan ein skape langsiktige og åndelege verdiar som gjer bygga naturleg robuste, og som skaper meir enn økonomiske motiv for å halde bygga i hevd? Kva kan seiast om korrelasjonen mellom reduksjonen av menneska sin fertilitet og emisjonar frå stadig nye byggematerialer?

Korleis kan bygget innpassast i ein økologisk og heilskapleg samanheng der feilbarlege folk og naturen sjølv er ein del av likninga? Korleis kan vi vareta handverket og tilføre stoltheit til faget? Og korleis kan vi kombinere historisk kunnskap og ny forsking med mål om å skape verkeleg smarte og passive system for ventilasjon og lys og varme?

Perspektiv som gagnar mennesket

Langsiktigheit betyr både å sjå bakover i historia og framom sin eigen generasjon når ein tek val og set mål. Det betyr å ha ein visjon og ein grunn for vala som er tufta på verdiar som er større enn seg sjølv, og å projisere sine val over på ein skala som gir perspektiv som gagnar mennesket.

Ikkje frå dag til dag, eller over eit år, eller ein generasjon, men kanskje fem og ti generasjonar. Det er ei øving ein tidvis kan gjere. Og det er ei oppfordring til politikarar og tiltakshavarar.

Bygg må vere langsiktige samfunnsinvesteringar. Det må dei vere fordi dei er ressurskrevjande å bygge, og fordi dei er meint å vere skjønne og varige i samfunnet.