Hopp til innhold
Kronikk

Eit historisk val

At Syriza vann valet gjev Hellas eit lite håp. No kjem ikkje dei vanskelege avgjerdene til å bli utsett lenger.

Greece Election

Greske veljarar jublar under talen av Syriza-leiar Alexis Tsipras etter valet søndag. «Håpet har skapt historie», sa Tsipras i seierstalen.

Foto: Fotis Plegas G. / Ap

«Eg har stor tru på nymånen», sa Olav H. Hauge. «Men det er vel den gamle.» Lat dette vera sagt: På lik line med andre klientar, er det synd i grekarane, det er synd i EU-landa, og det er ei stor synd at euroen vart innført. Men gårsdagens valresultat gjev faktisk ei viss von om ein betre morgondag, for no er så godt som heile den gamle politikareliten borte. Så er det berre å håpa at dei gamle kleptokratane – for å halda oss i det greske – ikkje vert erstatta med nye.

I oktober 2011 var eg i Hellas for å henta inn informasjon til det som vart ein artikkelserie og ei bok om finanskrisa – Gjeldsslaven Europa (2012). Det fyrste eg gjorde, var å gå opp mot Akropolis, for rett nedanfor høgda låg – og ligg – det nye museet, eit praktbygg i marmor og stein som overgår det meste i Athen. Dette spetakkelet måtte eg berre sjå.

Bygningen, som er delfinansiert av EU, stod ferdig i 2009. Dei fleste av dei tilsette er frå Kalamata i Peloponnes. Han som var kulturminister då alle desse vart tilsette, var Antonis Samaras. Han var i oktober 2011 leiar for det største opposisjonspartiet, det såkalla høgreorienterte Nytt Demokrati. Samaras lova før valet året etter at ingen offentleg tilsette skulle seiast opp i Hellas og at han skulle få landet på fote gjennom skattelette. Han lova òg å taka eit oppgjer med den politiske korrupsjonen i Hellas.

Kva område representerer Samaras? Det området Kalamata i Peloponnes ligg i, fortel økonomen Jason Manolopoulos i boka Greece's 'Odious' Debt.

Korrupt elite

Samaras var svært populær i heimregionen, som slekta har dominert i alle år. Dette er og var typisk for grekarane. Alle klagar over det korrupte politiske systemet, men samstundes er dei fleste godt nøgde med sin lokale representant når han skaffar dei eit gode som ikkje dei andre grekarane får.

Samaras er mellom anna skulda for som utanriksminister å ha organiserte kontantutbetalingar til journalistar i storleiken 130 millionar dollar. Dette kom fram av di den neste utanriksministeren, den tidlegare statsministeren Konstantinos Mitstakis, fortalde det til ein granskingskommisjon. Samaras nektar å svara på spørsmål om utbetalingane.

Gårsdagens valresultat gjev faktisk ei viss von om ein betre morgondag.

Jon Hustad, journalist og forfattar

Sanninga er at under det gamle systemet var det nær umogleg å vera maktpolitikar utan samstundes å vera korrupt og fødd inn i politiske klanar, Samaras og den førre statsministeren Georgios Papandreou var til dømes romkameratar då dei studerte ved Amherst i USA.

Før konkursen i 2010, då Hellas tilsynelatande vart berga av det internasjonale samfunnet, fanst det knapt ein einaste parlamentsrepresentant, korkje heime i Athen eller i EU-parlamentet som betalte eigedomsskatt, naturleg nok sidan dei same politikarane nekta å innføra eit nasjonalt eigedomsregister.

Tragediar på rad

Men no har altså det venstreradikale Syriza og den svært så karismatiske, intelligente og hittil ukorrupte leiaren Alexis Tsipras vunne valet – og godt er det. Ikkje av di grekarane straks vil få det betre, dei vil mest truleg få det verre, men av di Hellas, EU, Det internasjonale pengefondet (IMF), Den europeiske sentralbanken (ESB) og den internasjonale finansmarknaden kan få ei avklaring. Gjer Syriza som dei har sagt og krev ei gjeldssanering, vert det slutt med å sparka boksen stadig lenger ned i vegen.

Det var nær umogleg å vera maktpolitikar utan samstundes å vera korrupt.

Jon Hustad, journalist og forfattar

I 2010 hadde Hellas ei statsskuld på 129 prosent av verdiskapinga, BNP; i norske tal svarar det til 4.000 milliardar kroner, eller ni folketrygdbudsjett. Euromedlemskapen hadde gjort at Hellas kunne låna til altfor låge renter. Men våren 2010 innsåg brått marknaden – det vil seia deg og meg og pensjonsfond, oljefond og bankar – at den greske staten korkje hadde vilje eller høve til å betale ned på gjelda og sende difor lånerenta opp i nivå på 30 prosent og høgre.

Hellas var reelt sett konkurs, som var ein tragedie, men ei endå større tragedie var det at EU og særleg Angela Merkel, mot klare råd frå Den tyske sentralbanken, Bundesbank, fann ut at Hellas skulle bergast. No står statsgjelda på 175 prosent av BNP.

GREECE-TOURISM-ARCHEOLOGY-MUSEUM -

Det nye Akropolismuseet, eit praktbygg i marmor og stein, overgår det meste i Athen – og er kanskje ôg eit symbol på den gamle elitens korrupsjon.

Foto: ARIS MESSINIS / AFP

Nedskriving av skuld

Det som skjedde, var at den såkalla Troikaen, IMF, EU og ESB, gjekk inn og berga Hellas. Dei gav pengar frå skattebetalarar verda over gjennom IMF, men særleg frå skattebetalarar frå andre EU-land, og brått var tyskarar og finnar og nederlendarar og alle andre i eurosonen eigarar av gresk skuld.

Og når veljarar må byrja å betala på statsskulda til andre land, byrjar dei å forakta både politikarane som har sett dei i denne posisjonen og landet dei må betala for. Det er ikkje bra for nokon. I 2010 var heile den greske skulda på private hender, no er så godt som heile statsskulda, 206 milliardar euro, skuld til internasjonale skattebetalarar gjennom ESB, IMF og EU.

Dei private aktørane makta stort sett å selja skulda til Troikaen, men i 2012 måtte dei taka ei avskriving, altså endå ein gresk statskonkurs. Då kom den greske statskulda ned i 157 prosent, for så å stiga med 20 prosentpoeng målt mot BNP dei to åra etter. Hellas skulle ikkje vorte berga i 2010. Regjeringa skulle ha vorte tvinga til å gå inn i tingingar med dei private kreditorane om å skriva ned skulda.

Gjer Syriza som dei har sagt vert det slutt med å sparka boksen stadig lenger ned i vegen.

Jon Hustad, journalist og forfattar

Tyskland pressa IMF

For IMF er det etter deira eige regelverk forbode å gje hjelp til eit land utan at det er klart at det same landet kan betala attende hjelpa frå IMF på sikt. I 2012 kom det fram at fagstaben i IMF alt i 2010 sa at Hellas ikkje kunne bergast utan ein styrt konkurs og at IMF difor ikkje kunne gå inn.

Dei gjekk likevel inn av di Tyskland lente seg på IMF. Merkel og Tyskland ber ikkje skulda åleine for at Hellas fekk pengane, men det var Tyskland som vart tunga på vektskåla. Kvifor berga Merkel staten Hellas? Av di ho var redd for at euroen kunne gå i oppløysing, og av di tyske bankar hadde lånt ut 59 gonger eigenkapitalen, og ein gresk statskonkurs gjennom ein dominoeffekt kunne tvinga mange tyske bankar i kne.

Båe grunnane er forståelege. Men Bundesbank var likevel mot. Deira synspunkt var at marknaden måtte ordna opp i dette sjølv og at dei bankane som eventuelt gjekk konkurs, måtte bergast og nasjonaliserast gjennom parlamentariske vedtak i eigne heimland. Bundesbank ville ha slutt på den evige gjeldskarusellen og var livredde for at tyske skattebetalarar særleg gjennom ESB-systemet vart sittande att med rekninga for å berga Hellas og Sør-Europa. Vel, det vart tyske og nordeuropeiske skattebetalarar, og på vegen har Sør-Europa ramla ned i ein avgrunn dei ikkje kjem seg ut av.

  • FØLG DEBATTEN: @NRKYtring på Twitter.

    Same kva som skjer, skal grekarane verta endå fattigare før dei får det betre.

    Jon Hustad, journalist og forfattar

Vonde sirklar

Store delar av EU er no der Hellas var og er. Dei kan ikkje få ned statsgjelda utan vekst, men utan avskriving kan dei ikkje få vekst. Statsskulda i eurosonen er no på 100 prosent av BNP i gjennomsnitt. Om Noreg hadde hamna i same situasjon, hadde det vore å tapa om lag 11.000 milliardar kroner samanlikna med i dag. Ja, det er sant.

Hellas seier no at dei ikkje vil betala meir. Dette tvingar Tyskland og EU til å avgjera kva dei vil med euroen og korleis han skal sjå ut i framtida. Får Hellas ja til avskriving, vil mange andre land i EU krevja det same. Får Hellas nei, og Hellas nektar å gå med på dette, sit EU gjennom ESB på massive pant i greske verdipapir som til dømes skøyter på private eigedomar, som dei truleg kan taka frå grekarane.

Same kva som skjer, skal grekarane verta endå fattigare før dei får det betre. Mi von er at Hellas og EU vert samde om ei ordna avvikling av euromedlemskapen. Eg trur ikkje det vert ein katastrofe. Katastrofen var at EU sleppte eit gjennomkorrupt land inn i euroen.