Hopp til innhold
Kronikk

Den norske angsten for elitar

Den norske Forfatterforening har all rett til å vere elitistisk og nekte Frid Ingulstad medlemskap. Dei må sjølv få bestemme kva dei vil kjempe for, skriv Merete Røsvik Granlund, litteraturkritikar i Dag og Tid.

Serieromanforfatter Frid Ingulstad

Den norske Forfatterforening kan ikkje utestenge Frid Ingulstad av di dei vil vere ein eksklusiv klubb. Men av omsyn til litteraturen kan dei gjere det, skriv Merete Røsvik Granlund.

Foto: Holm, Morten / SCANPIX

Denne veka blussa debatten om opptakskritieria til Den norske Forfatterforening (DnF) opp igjen, fordi forfattarar som skriv såkalla kiosklitteratur, vert nekta medlemskap. I vedtektene til DnF står det at dei som har utgjeve «verker av litterær verdi» kan bli medlemmer. At DnF har valt å definere «litterære verdi» slik at dei populære bøkene til Frid Ingulstad ikkje er inkluderte, oppfattar mange som elitisme og intellektuelt snobberi.

Eksklusiv klubb

Som litteraturkritikar meiner eg sjølvsagt at det er mogeleg å vurdere litterær verdi etter faglege kriterium. Men det er ikkje i seg sjølv eit argument for å halde til dømes Frid Ingulstad utanfor DnF, for kvalitetskrava må tene eit anna føremål enn å lage ein eksklusiv klubb.

LES: Anne B. Ragde ut av Forfatterforeningen

Det som må vere styrande for kven dei tek opp som medlemmer, er omsynet til målsetjinga dei jobbar mot. Vi må ikkje vere så redde for elitisme at omsynet til verdiar som likskap og inkludering blir gitt større vekt enn omsynet til korleis ein definerer sams interesser i ei gitt gruppe. Det treng ikkje vere føremålstenleg for DnF å ta opp som medlemmer forfattarar av kiosklitteratur, som skriv ei bok på to veker og tener så godt at dei fint klarer seg utan statlege stipend.

Det treng ikkje vere føremålstenleg for DnF å ta opp som medlemmer forfattarar av kiosklitteratur.

Merete Røsvik Granlund, litteraturkritikar

Både målsetjingane og medlemsopptaket som vert gjort i tråd med desse, må ein interesseorganisasjon sjølvsagt stå fritt til å definere sjølv. Sjølv om det skulle aktivere den norske frykta for elitar.

Litteratur som kunstform

No er ikkje vedtektene til DnF spesielt tydelege på kva slags litteratur dei ønskjer å fremje, eller kva dei ser for seg at litteratur kan bety for samfunnet vårt. Alt heng på omgrepet «litterær verdi», utan at vedtektene definerer kva slik verdi består i. Men Det litterære råd har ei rekkje kvalitetskriterium som dei vurderer dei litterære verka til medlemssøkjande forfattarar etter. Mellom desse finn ein til dømes god språkføring, originalitet, komposisjon, sjangermedvit, intertekstualitet, aktualitet og kognitiv verdi. Kort sagt: Litteratur som kunstform med språket som verktøy.

Kan forfattarar av kiosklitteratur reknast som kunstnarar?

Merete Røsvik Granlund, litteraturkritikar

FØLG DEBATTEN: Ytring på Facebook

LES: - Jeg opplevde mediekjøret som hysteri

For meg verkar det klargjerande å spørje: Kan forfattarar av kiosklitteratur reknast som kunstnarar? Og kan gode sakprosaforfattarar, som tidlegare også har ønskt å bli opptekne i DnF, bli rekna som kunstnarar? Kanskje er ikkje svara gitt ein gong for alle. Men om vi går ut frå at DnF jobbar for å betre vilkåra for forfattaren som kunstnar, og for å verne og fremje norsk litteratur som kunstform, vert det enklare å skjøne at ikkje alle forteljingar skrivne etter velbrukte oppskrifter er kunst, på same måte som ikkje alle tv-seriar eller fotografi er kunst (medan andre tv-seriar eller fotografi absolutt har kunstnarleg verdi).

LES OGSÅ: Prøveavtale om e-bokutlån blir ikke forlenget

Elitetilhengjar

Eg er i utgangspunktet ein tilhengjar av elitar, i den forstand at eit samfunn treng flinke folk som kan dyrke spisskompetansen sin og kjempe for ressursar til sitt felt, noko som på sikt kan kome resten av samfunnet til gode.

Eg er i utgangspunktet ein tilhengjar av elitar, i den forstand at eit samfunn treng flinke folk som kan dyrke spisskompetansen sin.

Merete Røsvik Granlund, litteraturkritikar

Men når det er sagt: I debatten om opptaket til DnF har eg sett ei førestelling om at kven ein vert assosiert med, kan auke eller minske eigen prestisje, og dermed også gjennomslagskrafta i samfunnet. Og vi skal ikkje sjå langt før det vert tydeleg at «basking in reflected glory», som det heiter i psykologien, er ein populær sport. Om elitar lar seg beruse av sin eigen sosiale status og blir for «fine» til å kommunisere med andre delar av samfunnet, endar dei i snobberiet.

FØLG DEBATTEN: Ytring på Twitter

Ikkje gjort ut av snobberi

For kulturlivet som har mykje av eksistensen sin tufta på offentlege pengar, med grunngjevinga at kunst og kultur er viktig for samfunnet og bør kome alle til gode, er slike haldningar ikkje berre usympatiske, men direkte kontraproduktive. Når det gjeld profesjonelle roller, som til dømes forfattar, kritikar, redaktør, bør ein difor sjå det som ein del av samfunnskontrakten å delta i den offentlege samtalen på ein inkluderande måte. Men samtale er ein ting, organisasjonsretten ein annan.

Det er mogeleg eg er naiv, men eg trur likevel ikkje at omsynet til prestisjen har vore avgjerande når DnF har valt å halde på opptakskrava sine.

Merete Røsvik Granlund, litteraturkritikar

LES OGSÅ: – Forfattere har grunn til bekymring

LES OGSÅ: Forfatternes suverene lønnsvinner

DnF kjem i kategorien av sosiale samanhengar det er stas å vere med i. Det er mogeleg eg er naiv, men eg trur likevel ikkje at omsynet til prestisjen har vore avgjerande når DnF har valt å halde på opptakskrava sine. Med dei økonomiske vilkåra forfattarar flest har i dag, trur eg dei gjerne hadde inkludert fleire i organisasjonen om dei trudde det ville tene saka deira. Men litteraturen er ei kunstform med eigeninteresser og ei potensiell rolle i samfunnet som det ikkje er gitt at underhaldningslitteraturen deler.