Hopp til innhold

Per Olav Alvestad

Per Olav Alvestad har jobba i Schrödingers katt sidan 2011.

Per Olav Alvestad
Foto: NRK

Med ei sivilingeniørgrad i ryggen og generelt sett ein nysgjerrigheit for så og sei alt, kanskje bortsett frå realitydeltakarar, burde Per Olav passe godt inn i Schrödingers Katt. Han er utdanna sivilingeniør i maskin frå NTNU, men har i heile si yrkesaktive karriere jobba i NRK.

Per Olav byrja som programleiar for barne-og ungdomsprogrammet Newton i 2005, deretter var han prosjektleiar for TV-programmet På tro og Are, før han vart programleiar for Ikke gjør dette hjemme i 2011.

Øvst på fasinasjonslista til programleiaren ligg vulkanar og livet under vasskorpa. Men det beste med å vera programleiar, er at han får møte så mange som brenn iherdig for det dei jobbar med, synest Per Olav.

- Sjølv har eg aldri heilt visst kva eg vil bli, eller rettare sagt, eg har i grunn alltid ville bli stort sett alt. Då trur eg det er ypparleg å jobbe som journalist og programleiar i eit program som Schrödingers Katt. Her føler eg at eg testar ut nye arbeidsoppgåver og nye arbeidsplassar nesten kvar dag.

Per Olav byrja i programleiarjobben i Schrödingers Katt hausten 2011, og han anbefalar alle å få med seg programmet som han meiner er det tredje beste programmet som går på tv!