Hopp til innhold

Trump: – Eg skal gjere Amerika fantastisk igjen

Eigedomsmogul og reality-stjerne Donald Trump offentleggjorde i dag at han stiller som presidentkandidat for Republikanarane i 2016, under slagordet «Gjer Amerika fantastisk igjen».

Trump annonserer sitt presidentkandidatur

– Damer og herrar, eg går for presidenttittelen i 2016, sa Trump til dei frammøtte tilhengjarane.

– Vi treng ein god leiar. Og vi treng ein god leiar no, sa milliardæren Donald Trump under pressekonferansen i Trump Tower på Manhattan i ettermiddag.

Han offentleggjorde med det at han stiller som presidentkandidat for Republikanarane mot valet neste år.

– Vi treng ein leiar som kan ta tilbake jobbane våre, produksjonen vår, militæret vårt, sa eigedomsmogulen. Han lova å byggje ein mur mellom USA og Mexico.

– Mexico skal få betale, sa han. – Mexico sender ikkje oss dei rette folka. Dei sender menneske med problem som kriminalitet, narkotika, og dei sender valdtektsmenn, sa Trump frå talarstolen.

– Eg treng ingen donatorar

Donald Trump brukte mykje tid på å snakke om sin suksess og rikdom. Dei fleste av dei andre som stiller som presidentkandidat har brukt lang tid på å samle saman pengar og støtte til sin valkamp. Trump gjorde det klart at han ikkje trengde det.

– Eg treng ingen donatorar, eg har nok pengar sjølv, sa han.

68-åringen, som aldri har hatt eit politisk verv, uttalte i mars at han hadde sett saman ein komité som skulle undersøke om han skulle stille eller ei.

Styrtrike Trump har vore ein høglydt kritikar av president Obama. Han har blant anna blitt latterleggjort for å gjentekne gonger å ha stilt spørsmål om Obama verkeleg var fødd i USA.

Han var ikkje nådig i sin kritikk av den noverande presidenten under pressekonferansen, til øyredøyvande jubel frå forsamlinga.

– Då Obama vart president i 2008 tenkte eg; han blir ei positiv kraft for landet. Eg trudde verkeleg det. Men han var ikkje det. Han er ei negativ kraft. Vi treng nokon som kan ta den amerikanske merkevara tilbake, sa Trump.

Donald Trump

Donald Trump viste fram ei oversikt over sin formue under sin pressekonferanse i Trump Tower i New York.

Foto: BRENDAN MCDERMID / Reuters

– Kina drep oss

Trump brukte godt over halve tida på å kritisere Kina og Mexico, som han påstår har stole jobbar og produksjon frå USA.

– Landet vårt er i trøbbel. Vi har ingen sigrar lenger. Når slo vi Japan sist i noko som helst? Dei sender bilane hit, og når såg du sist ein Chevrolet i Tokyo, spurte Trump.

Donald Trump kritiserte Kina for å ta jobbane frå amerikanarane, og for å ta all produksjon frå landet. Den same kritikken retta han mot nabolandet Mexico.

Tilhøyrarane i Trump Tower ropte stadig slagord som «we want Trump» og «Trump, Trump, Trump».

– Den amerikanske draumen er død

Donald Trump

Donald Trump annonserte i kveld at han stiller som presidentkandidat mot valet i 2016.

Foto: SCOTT OLSON / Afp

Donald Trump har enorme visjonar for heimlandet dersom har får makta i det kvite hus. Han snakka om at landet treng dei rette folka, slik at landet kan bli velståande igjen.

Det kom også store lovnader om å byggje om heile infrastrukturen i landet. Det gjeld vegar, bruer og flyplassar.

– Eg vil ta den amerikanske draumen tilbake. Større, betre og sterkare enn nokon sinne, og vi skal gjere Amerika fantastisk igjen, avslutta han.

Trump ligg i skrivande stund på niandeplass på nettstaden RealClearPolitics si gjennomsnittsmåling av republikanske kandidatar.

SISTE NYTT

Siste nytt