Hopp til innhold

Skal krysse dei 20 største breane før dei smeltar

Polfararen Børge Ousland skal krysse dei 20 største isbreane i verda før dei smeltar. – Vi er i ferd med å øydeleggje den jorda vi lever på. Vi må gjere noko med det, seier han.

Børge Ousland er klar for nytt prosjekt

Polfarar Børge Ousland i kjellaren der han har alt ekspedisjonsutstyret.

Foto: Eivind Molde/NRK

CO₂ i atmosfæren
425,4 ppm
1,5-gradersmålet
+1,13 °C
Les mer  om klima

Det har gått 20 år sidan den legendariske ekspedisjonen til Nordpolen.

Heilt åleine, utan hjelp, gjekk Børge Ousland dei 980 kilometrane frå Sibir til Nordpolen. 22. april 1994 nådde han målet. Ingen hadde gjort det før, ingen har gjort det seinare.

No er han i full gang med å førebu eit nytt, stort prosjekt.

– Det som er spesielt med dette prosjektet, er at vi vil setje fokus på klimaendringane. Dette er brear som smeltar i raskt tempo. Vi skal i samarbeid med Norsk Polarinstitutt gjennomføre målingar på breane, fortel Ousland til NRK.

I tillegg skal vi fortelje og vise publikum korleis det ser ut der.

– Eg vil gjerne bruke av den kunnskapen eg har opparbeidd meg gjennom åra, ikkje minst i møtet med den yngre generasjon, seier Ousland.

Polkart

Kart over dei 20 største iskappene i verda.

Foto: Icelegacy

I ferd med å øydeleggje jorda

Korfor er det viktig?

– Noko av det viktigaste vi kan gje borna våre, er det å lære å kjenne naturen, å bli glad i naturen. Då lærer ein også å ta vare på den, seier han.

– Eg håpar folk i løpet av prosjektet skal få opp auga for at vi er i ferd med å øydeleggje jorda, og at vi må gjere noko med det.

Prosjektet, som er kalla IceLegacy, skal han gjennomføre saman med ein ung franskmann som heiter Vincent Colliard.

Den første breen dei skal krysse, er Europas største, som ligg på Novaja Semlja i Russland. Seinare står brear i Canada for tur.

Les: De tok Nordøst- og Nordvestpassasjen i ett jafs

Banebrytande ekspedisjonar

Børge Ousland blir rekna som ein av dei største polfararane i vår tid. Han gjennomførte sin første ekspedisjon i 1986.

Då kryssa han Grønland saman med Agnar Berg og Jan Morten Ertsaas. Han blei den første som gjekk åleine både til Sørpolen og Nordpolen, utan hjelp og etterforsyningar.

Han har, som den første, også kryssa heile det antarktiske kontinentet og kryssa Polhavet frå Sibir til Canada, via polpunktet.

Turen til Nordpolen i 1994 tok 52 dagar. Det var ein ekspedisjon som fekk stor merksemd internasjonalt.

Dagsrevyen 28. april 1994. Reporter: Arnfinn Nygaard

– Gav nesten opp

– Det var nok den flottaste turen eg har hatt, fortel Ousland. Det var også ein av dei vanskelegaste turane. Det var ein tur som gjorde mykje med meg som menneske. Isen og kulden var ein ting, men på den turen overvann eg også - igjen og igjen - mi eiga frykt, seier Ousland.

– Eg har aldri vore nærare å gje opp enn i starten på den turen. Det var nok det største mentale spranget eg har tatt nokon gong, seier Ousland. Eg hadde for eksempel aldri sove åleine i eit telt før eg la ut på den turen, legg han til.

Nærare 30 år med ekspedisjonar i polarområda har gitt han førstehandskunnskap om dei store endringane som skjer.

Det er store kontrastar. Det han har sett, har inspirert han til å setje i gang med det nye prosjektet.

I 2010 reiste han rundt Nordpolen i ein liten seglbåt saman med Thorleif Thorleifsson. Det var ein tur som ville vore umogeleg å gjennomføre for nokre få tiår sidan. Då ville turen kanskje tatt fem-seks år, no kom dei gjennom Nordaust- og Nordvestpassasjen på fire månader.

– Turen var eit eventyr, men først og fremst var det veldig skremmande å sjå kor lite is det var, seier Ousland.

Dagsrevyen 29. august 2010 Reporter: Eivind Molde

Eit anna landskap

– Dette er nok det tydelegaste eksempelet eg har sett på klimaendringane i Arktis, seier Ousland. Isen er blitt tynnare, og den dekker ein mindre del av Polhavet. Det er eit heilt anna landskap, seier han.

– Då eg begynte å gjere desse turane der oppe på 90-talet var 50-60 prosent av isen fleirårsis, no er det under 10 prosent. Drivisen i Arktis var vel kanskje den første staden der vi verkeleg såg at klimaendringane faktisk skjedde. Men vi kan ikkje sjå på det som skjer med drivisen som eit isolert fenomen. Temperaturen på jorda stig, og det har konsekvensar for alle som lever her, seier Ousland.

Ifølgje FNs klimapanel er is-dekket i Polhavet, når det er på det minste på seinsommaren, blitt redusert med 14 prosent, eller ca. 2 millionar kvadratkilometer, i løpet av dei siste 20 åra. Det tilsvarar over fem gonger Noregs flateareal.

– Folk burde verkeleg vere uroa over at polisen smeltar, seier Ousland.

Men mange meiner dette er ein del av ei naturleg utvikling?

– Det er nok berre eit fåtal som meiner det. Forskarane som jobbar med dette er heilt krystallklare på at klimaendringane skuldast utslepp av klimagassar. Det er ingen tvil om at det vi ser, hovudsakleg skuldast påverknad frå menneske, seier Ousland.

Les: Nesten isfri ferd gjennom Nordøstpassasjen for Ousland

Omstilling må til

Han meiner det må skje ei grunnleggjande forandring i samfunnet.

– Vi treng tøffe, modige politikarar som tør å ta tak i dette. Så treng vi ei teknologisk utvikling som gjev oss nye løysingar. Og vi treng ein industri som vrir seg over frå oljerelatert aktivitet til klimavennlege tiltak, slik at det blir mogeleg å leve i ei verd som også borna våre kan ha det godt i. Men for å få dette til, trengst ein folkeleg vilje til forandring, sier han.

Har du tru på politikarane?

– Dei har jo ikkje vist seg frå den sterkaste sida hittil. No får andre svare på kor god tid vi har til å snu denne utviklinga, men slik eg har forstått det, så har vi ikkje så veldig god tid, seier Børge Ousland.

Meir og meir aktivist

– Det ligg i menneskenaturen å håpe på det beste, men no trur eg ikkje vi kan håpe på det beste så mykje lenger, no må vi gjere noko, seier Ousland.

Kva er du redd for?

– Eg er redd for at den verda vi skal overlevere til etterkommarane våre ikkje blir mogeleg å leve på på same måten som no. Vi lever på ein oase i verdsrommet, menneska er i ferd med å øydeleggje denne oasen.

Er du blitt ein aktivist?

– Ja, eg blir faktisk meir og meir ein aktivist jo meir tid det går. Eg er ikkje klimaforskar, eg ser på meg sjølv som eit augevitne. Men eg les rapportane, og dei er krystallklare.

– Når dei for eksempel seier at to tredelar av dei oljereservane vi allereie har funne, må bli verande under bakken, då er det ikkje vits i å leite etter meir olje. Då må vi vri utviklinga over på miljøvennlege løysingar både i industrien og samfunnet elles.

– La oljen liggje

Må regjeringa avvikle oljeaktiviteten?

– Det er ingen tvil om det.

Men er ikkje det vel drastisk?

– Jau, men vi må likevel gjere det. Vi skal ikkje vere redd for å ta vanskelege val dersom det er det som må til.

– Alle kan bidra

Kva kan kvar enkelt gjere?

– Det viktige er at når ein ser seg tilbake, så skal ein kunne seie at ein gjorde det ein kunne - gjennom små, miljøvennlege grep i kvardagen - for å skape forandring. Og så må politikarane få støtte til å gjennomføre miljøvennlege endringar i samfunnet.

Kva er ditt viktigaste bidrag?

– Mitt bidrag er å prøve å vise verda kva som skjer med isen i Arktis. Det er det eg kan. Eg har sett endringane frå eg begynte å gå der tidleg på 90-talet, og det er har sett, er dramatisk. Eg vil gjerne formidle det til andre, seier han.