Komikaren er eitt av dei tunge namna i satireprogrammet "Elfte timmen" som går på SVT før valet på søndag.
Han er no fjerna frå programmet fordi han har stilt opp i ein film som tek stilling til partiet Sverigedemokraterna.
– Usvenskt med SD i Riksdagen
I den omtalte filmen, som er laga av Folkbildungsförbundet, seier Tornving følgjande om Sverigedemokraterna.
«Dette med eit framandfiendtleg parti i Riksdagen, kjennest usvenskt.»
Alle "Ellfte timmen"-innslaga som Tornving skulle vere med i, er allereie spelte inn. No må dei byttast ut, seier redaktør for programmet Eva Landahl.
– Ein kan ikkje jobbe i våre valprogram og samtidig ta stilling mot eit parti, seier ho til Expressen.se.
Tornving godtek avgjerda og seier det er hans eigen feil.
– Min eigen feil
– Dette er ei uangripeleg avgjerd som SVT har gjort. Dei må vere heilt og fullt upartiske. Dette er min eigen feil. Eg tenkte ikkje på at eg samtidig arbeidde for i SVT, sjølv om det kan høyrest rart ut, seier Tornving.
At alle innslaga allereie var spelte inn då Tornving fekk spørsmål om å vere med i filmen om Sverigedemokraterna, meiner han sjølv kan vere årsaka til at han ikkje kopla riktig.
– Det var vel det som gjorde at eg ikkje tenkte meg om då dei spurte om eg ville vere med i filmen, seier han.
Les også:
Les også:
Tornving avviser at han angrar på at han deltok i filmen.
– Nei, eg står framleis for denne oppfatninga. Det var klønete av meg å ikkje kople riktig. Hadde eg brukt litt meir tid på å tenke, hadde eg skjønt at det ikkje var bra å lage filmen samtidig som eg var med i SVT-programmet.