Eskil Erlandsson frå det svenske Centerpartiet har i fire år styrt det svenske jordbruksdepartementet.
Då den svenske statsministeren Fredrik Reinfeldt tysdag denne veka presenterte sin nye mindretallsregjering, hadde jordbruksministeren fått ein ny tittel. Erlandsson er Sveriges nye «landsbygdsminister.»
- LES OGSÅ:
- LES OGSÅ:
– Meir enn berre jordbruk
Det nye Landsbygdsdepartementet i Sverige skal ha ansvar for blant anna fiskeri, skogsindustri og foredling av matvarer. Det nye namnet symboliserer at departementet betre skal samanfatta sine oppgåver, som omfattar alle dei grøne næringane.
- LES OGSÅ:
– Jordbruksdepartementet byter namn til Landsbygdsdepartementet for å markere eit heilheitsgrep kring jobben på landsbygda. Det er ikkje berre jordbruksspørsmål som skal handterast av oss, seier Erlandsson i eit intervju på den svenske regjeringa sine nettsider.
I det norske systerpartiet Senterpartiet er dei likevel skeptiske til namneskiftet.
Ola Borten Moe (Sp) er skeptisk til å samordne all distriktspolitikk i eit landsbygdsdepartement.
Foto: Skaug, Thomas Rasmus / SCANPIX– At ordet jordbruk vert bytt ut med landsbygd signaliserer jo nettopp at distriktspolitikken i hovudsak dreier seg om jordbruk. Det er ikkje tilfellet, seier stortingsrepresentant for Sør-Trøndelag, Ola Borten Moe,
Nytt liv til utkant-Sverige
Det svenske busettingsmønsteret er annleis enn det norske. Størsteparten av den svenske befolkninga bur i triangelet mellom storbyane Stockholm, Gøteborg og Malmø. Resten av landet er svært tynt befolka, særleg samanlikna med Noreg.
Føremålet med namneskiftet til landsbygdsdepartement er også å styrka distriktspolitisk tenking og gje ny giv til utkant-Sverige.
– Berre om me ser heile Sverige, kan me skapa samhald i det svenske samfunnet. Her finst både storbyar og bygder. Alle delar av Sverige skal få mogelegheita til å utvikla seg utifrå sine styrkar og føresetnader, sa den svenske statsministeren då han tysdag presenterte sitt mannskap for den kommande regjeringsperioden.
– Ikkje aktuelt i Noreg
Ifølgje Moe er det i Noreg ikkje lagt fram tilsvarande forslag på å samordna distriktspolitikk i eitt eige bygdedepartement.
– Her i landet er mykje av den breie distriktspolitikken ordna under kommunal- og regionaldepartementet. I Sverige tykkjer dei tydelegvis at omstruktureringa er ein god idè. Men slik norske kommunar si oppgåveportefølje ser ut i dag, oppfattar Senterpartiet den eksisterande ordninga som meir føremålstenleg, seier han.