Hopp til innhold

Sultande syrarar får lov å ete hund

Mangelen på mat i Syria er så stor at muslimske leiarar gjer det lovleg å ete hund. Vert det ikkje snart betre i Syria vert neste skritt å ete menneske, meinar dei same leiarane. Over fire millionar syrarar går svoltne når verda i dag markerer FNs matdag.

Syriske opprørere med hund

Ein krigar frå Den fire syriske hær ber på ein hund i gatene i Deir al-Zor. No får folket i Syria lov til å ete hundar i mangel på anna mat.

Foto: STRINGER / Reuters

Når nauda er stor, så vert ein nøydd til å sjå etter andre løysingar, og for syrarane kan mangelen på mat ende med at dei må ete hund, noko som vanlegvis er forbode, skriv BBC.

Fryktar det vert naudsynt å ete menneske

Fatwaen, ei muslimsk domsavgjersle, vart gitt etter at det kom meldingar om at innbyggjarar i byen Mouadhamiya svelt. Løyvet er gitt til syrarar i Damaskusbydelen Ghouta kor svolten er aller størst.

FN-arbeidarar fortel til Reuters at dei i meir enn eit år har vore stengt ute frå enkelte byar i Syria, deriblant Mouadhamiya, på grunn av kamphandlingar, og at det er umogleg å komme inn med mat.

– Maten er berre nokre titals meter unna, og våre barn døyr på grunn av sperringar og skytevåpen, fortel Omar, som er lege i Mouadamiya.

Dei muslimske leiarane som gir løyvet om å ete hund seier at denne avgjersla er eit rop om hjelp frå Syria til heile verda, og la til at om denne situasjonen held fram vert folk nøydd til å ete døydde menneske.

– Mat framfor kjemiske våpen

Fleire hjelpeorganisasjonar har kravd at fokuset på humanitær hjelp bør vere minst like stort som fokuset på kjemiske våpen. Seinast i går gjekk «Legar utan grenser» ut og sa at fredsprisen til OPCW også bør føre til ei auka merksemd kring den humanitære situasjonen i Syria.

– Det syriske folket står nå framfor den absurde situasjonen at våpeninspektørar kan bevege seg fritt i område med desperate behov, medan ambulansar med medisin og organisasjonar som leverer mat er blokkert frå områda, seier Morten Rostrup i «Legar utan grenser».

Rostrup viser til at land med stor påverknad klarte å sette seg ned og forhandle fram ein avtale om kjemiske våpen, og han lurer difor på kvifor det ikkje har vore ein like stor innsats når det gjeld tilgangen på naudhjelp.

(Saka held fram etter biletet)

Kurdiske flyktninger ved matutdeling

FN deler ut mat til kurdiske syrarar som har flykta til Irak.

Foto: SAFIN HAMED / Afp

Kuttar ut hjelp til svoltne flyktningar

Verdas matvareprogram meiner 4,25 millionar syrarar treng mathjelp, og at dei hjelper tre millionar menneske med mat. Andre hjelpeorganisasjonar har derimot rekna seg fram til at det er minst ti millionar som har problem med å få tak i mat.

Verdas matvareprogram har sett seg nøydd til å ta bort fleire hundre tusen flyktningar frå lista over personar som skal få mat frå dei. Det gjer dei fordi det no presser seg på endå fleire flyktningar som har mykje større behov for hjelp.

Lynne Miller, som er leiar for Verdas matvareprogram i Libanon, seier at rundt 30 prosent av syriske flyktningar i Libanon ikkje lenger vil få utdelt matrasjonar. Ho legg til at dette er bestemt fordi dei meiner andre organisasjonar kan møte dei aktuelle flyktningane sine behov.

Matkuponger fra World Food Program organization in Amman

Matrasjonskuponger frå Verdas matvareprogram er delte ut til fleire millionar flyktningar, men fleire hundre tusen flyktningar får no trekt tilbake sine rasjonar, sidan det er andre som treng hjelpa meir.

Foto: MUHAMMAD HAMED / Reuters

SISTE NYTT

Siste nytt

Kraftige sammenstøt på universitet i California

Proisraelske og propalestinske studenter gikk natt til onsdag løs på hverandre på universitetsområdet til UCLA. Demonstrasjonene er på kokepunktet i 25 amerikanske byer.

Politiet gjekk inn på universitet med store styrkar

Samstundes som demonstrantane vart arresterte av politiet, vart dei heia fram av unge palestinarar på Gazastripa.