Hopp til innhold

Hotelltilsette utkledde som terroristar skremte vatnet av badande gjestar

Hotellpersonalet på eit hotell i Tyrkia skremde livet av gjestane då dei kledde seg ut som IS-terroristar og storma bassengområdet med bensinkanner og falske maskingevær. – Det skulle vere dagens underhaldning, seier hotellsjefen.

Tripadvisor og Tunisia-terror

Hotellgjestane uttrykker sin avsky over den dårlege spøken på nettstaden Tripadvisor, som skjedde berre seks veker etter at 38 turistar vart drepne på eit hotell i Tunisia (til høgre)

Foto: Skjermdump

Gjestane ved hotellet Grand Yazici Mares i Icmeler i Tyrkia er i sjokk etter at dei tilsette ved hotellet iscenesette eit åtak av det som skulle sjå ut som terroristar frå den sokalla islamske staten, IS.

Den morbide spøken skjer berre seks veker etter at ein terrorist frå IS, Seifeddine Rezgui Yacoubi, drap 38 hotellgjestar i Tunisia.

– Tømte «bensin» på gjestane

The Sun har snakka med britiske turistar som fortel at dei vart livredde av den dårlege spøken.

43 år gamle Jason Pythian sat og slappa av ved bassengkanten då ei gruppe menn kledd i «arabiske kle» storma bassengområdet og fekta med falske våpen og bensinkanner.

– Ein av dei sprang mot meg med ei kanne merka med «bensin». Han tømde ut innhaldet over meg og drog fram ein lighter, seier Pythian.

Spøken var dagens underhaldning

Han seier til avisa at først etter at dei hadde sprunge for livet i frykt, innsåg dei at det heile var ein spøk.

– Vi var så letta. Det var hotellet sin idé for dagens underhaldning, fortel 43-åringen frå Manchester.

Søstera til Pythian, Dawn Sutton, seier at ho trudde hennar verste mareritt vart sant. 30 av dei 38 drepne turistane i Tunisia var britar, og hendinga gjorde eit enormt inntrykk på henne.

– Du kunne sjå det i auga hennar, ho trudde hennar siste time var komen. Ho fekk full panikk og sa om og om att at ho ville heim, fortel broren.

Klaga til hotellsjefen

Jason Pythian og ein gjeng med andre britar gjekk ned til sjefen for å klage.

Sjefen sa at dei heller måtte ta kontakt med reiseselskapet sitt, Jet2holidays.

– Det la ein dempar på heile ferien for oss. Det var kvalmande med tanke på det som skjedde i Tunisia. Dawn ville ikkje bu på hotellet etter hendinga.

Jason fortel at søstera har skrive om hendinga på nettstaden Tripadvisor, ei nettside der brukarar kan legge inn omtalar av blant anna hotell. Fleire andre turistar har gjort det same.

  • Les også: Ondskapens hotell
    Hotellangrep i Tunisia

    Spøken skjer berre seks veker etter at ein IS-terrorist drap 38 turistar i Sousse, Tunisia. 30 av dei var britiske turistar.

    Foto: Ap

Beklagar på det sterkaste

Den tyrkiske byen ligg om lag 120 mil frå grensa til Syria, der store delar av landet er kontrollert av terrorgruppa Den islamske staten.

Ei talskvinne for Jet2holidays seier at dei umiddelbart skal ta opp saka med personalet ved hotellet.

– Vi er lei oss for at dette vart dårleg tatt imot. Spøken var ein del av eit «Hollywood-tema» ved bassenget, som også inneheld karakterar som Supermann og Rambo. Det vert alltid godt motteke, skriv selskapet, ifølgje The Sun.

stillbilder av gjerningsmannen, gjerningsmannen løper på stranden

Video frå terroråtaket mot eit hotell i Tunisia.

SISTE NYTT

Siste nytt